Forbud mot store brusflasker?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Borgarmeisteren i New York, meiner at store flasker med sukkerhaldig drikke, som Coca-Cola og Sprite, bør bli forbodne i butikkar, restaurantar og på sportsarenaer.

Årsaka er for mange overvektige i millionbyen, skriv Boarding.no

Undersøkingar viser at minst 58 prosent av befolkninga i New York er overvektige. No meiner borgarmeisteren Michael Bloomberg at noko må gjerast. Han vil ha forbod mot sal av sukkerhaldige leskedrikker på store flasker.

På nettsida New York City Department of Health heiter det at ein person som drikk ein halvliter Cola om dagen får i seg 22,6 kilo sukker i året. (©NPK)

Les òg: Sukkerskatt i Frankrike

Video frå New York City Department of Health om sukker: