Plateslepp i sommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lanseringa skal gå føre seg i Lom den 13. juli.

– Sjølvsagt blir det i Lom. Med to bandmedlemar frå Lom og tekstar basert på ulike hendingar i Lom, var det heilt naturleg å leggje lanseringa til Lom! humrar Ola Rossehaug, tydeleg nøgd over å ha fått klemt inn mange «Lom» i ei og same setning.

Anal Bros har eksistert i fleire år. Bandet har på mange måtar vore eit moroprosjekt. Fram til nå.

– Dei siste åra har vi spelt ein del konsertar, og nå har vi altså spelt inn ei plate der alle høgdepunkta våre er samla. Eg tykkjer det er verdt å nemne at vi har heile femten gjesteartistar med oss på innspelinga, og at opptil fleire av dei er spelemannsvinnarar, fortel Ola.

– Kva type musikk er det Anal Bros spelar?
– Vi spelar musikk ein må stålsetja seg for å høyre på. Vi har ein jælma humor i tekstane og vi spelar høg, hard rock. Vi pratar om høg lyd.
– Ambisjonar?
– Vi siktar ikkje mot verdensherredømme, men håpar å gjera det så bra som mogleg. Vi meiner vi har laga ei skikkeleg god plate, og da håpar vi sjølvsagt at andre er samde. Vi er spente, vedgår Ola.

Han røpar at spennande ting er på gang. Etter lanseringskonserten i Lom den 13. juli, går vegen til Livestock-festivalen i Alvdal. Der skal Anal Bros spela etter sjølvaste TNT. Etter platesleppet veit ingen kva som kan skje.

Les saka i Fjuken!

Og sjå videoar av bandet på YouTube!