Mot heimesiger for Det Norske Teatret
Saman med Rogaland Teater dominerer Det Norske Teatret lista over nominasjonane til Hedda-prisen i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hedda-prisane blir årleg delt ut for framifrå prestasjonar innan norsk scenekunst. Årets nominasjonar blei klare tysdag. På lista over dei nominerte til årets framsyning er heile tre av fem frå Det Norske Teatret – «Abrahams barn», «Norge-Brasil» og «Sorga kler Elektra».
– Vi er strålande nøgde og veldig stolte. Det er spesielt moro at vi er nominert for så ulike framsyningar, seier teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret.
Han tok over som sjef for landets nynorskteater i januar i fjor.
– Nominasjonane er ein inspirasjon til å halde fram med den linja vi har med førestellingar i alle sjangrar, og med fellesnemnar høg kvalitet, seier Ulfsby til NTB.
LES OGSÅ: – Eitt minutt for å få dei på ditt lag
Over tre timer
«Sorga kler Elektra» er nominert til heile fem Hedda-prisar. Det er også «Misantropen» på Rogaland Teater.
Eirik Stubø er nominert for beste regi for «Sorga kler Elektra», Kirsti Stubø for beste kvinnelege hovudrolle, Torbjørn Eriksen for beste mannlege birolle/beste mannlege medspelar og Gjertrud Jynge for beste kvinnelege birolle/beste kvinnelege medspelar.
«Sorga kler Elektra» er skriven av Eugene O'Neill og hadde premiere på Scene 2 på Det Norske Teatret for ein dryg månad sidan. Den over tre timar lange framsyninga blei svært godt mottatt av kritikarane.
I kategorien beste kvinnelege hovudrolle konkurrerer Kirsti Stubø med Ane Dahl Torp i «Det gode mennesket frå Sezuan», også den på Det Norske Teatret, og Hildegunn Eggen for fru Alving på Trøndelag Teater.
LES OGSÅ: Gjennom metamorfosen
«Misantropen» av Molière hadde premiere på Rogaland Teater 1. mars, og er nominert for blant anna beste regi ved Sigrid Strøm Reibo. Reibo er også nominert for regien av «Black Rider» på Hålogaland Teater.
Mattis Herman Nyquist er nominert for beste mannlege hovudrolle i «Misantropen». Han konkurrerer med Stig Amdam for rolla som Mikkel Borgen i «Ordet» og rolla som Henry Law i «Når det sluttar å regne» på Den Nationale Scene og
Thorbjørn Harr for rolla som Leon i «De foreldreløse» på Torshovteatret.
Komieksperiment
«De foreldreløse» er framsyning nummer fem i komilabeksperimentet til trioen som har leidd Torshovteatret dei siste to åra. Thorbjørn Harr, Mariann Hole og Jan Gunnar Røise har med stort hell forska i ulike komiformer.
Også Mariann Hole er nominert til ein Hedda-pris for beste kvinnelege birolle/medspelar i «De foreldreløse». Terje Strømdahl er nominert for beste regi av same framsyning. Komilab-prosjektet er også nominert i klassen «særleg kunstnarisk innsats».
Torshovteatret er ei biscene av Nationaltheatret. Av oppsetjingane i hovudhuset er det berre ei framsyning som er nominert, den originale oppsetjinga av Franz Kafkas «Forvandlingen» av islandske Gisli Örn. Framsyninga blei i vinter vist med stor suksess på hovudscena til Nationaltheatret.
Den einaste nominiasjonen til Riksteatret kjem også i klassa for årets framsyning. Teatret er nominert for «Jeg var Fritz Moen» som blei produsert i samarbeid med Teater Manu.
I alt blir det delt ut prisar i ni klasser i tillegg til ein ærespris. Dei som har vore i juryen er Thoralf Berg, Mette Brantzeg, Keld Hyldig, IdaLou Larsen, Petter Rosenlund, Astrid Sletbakk og Kristian Lykkeslet Strømskag. (©NPK)