Kvinner blir sjuke av heimen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner sjuke av heimen

Undersøkinga viser at det er store forskjellar på kvifor kvinner og menn blir sjukmeldt på grunn av mentale lidingar. For kvinnene er familie og privatliv hovudårsaka, skriv Vårt Land.
 
– Kvinner fortel om problematiske familierelasjonar, stort omsorgsansvar for barn eller eigne foreldre som årsaker til ei sjukmelding. Menn legg vekt på press, konfliktar eller omorganisering på jobben, seier Kari Batt-Rawden ved Østlandsforskning. I undersøkinga har ho intervjua 30 sjukmeldte kvinner og menn.
 
Studien er ein del av eit norsk-svensk forskingsprosjekt om sosiale årsaker til sjukefråvær, finansiert av Noregs forskingsråd. (©NPK)