Tre av fire norske studentar utset skulearbeid dei burde ha gjort. Men kvifor det eigentleg?

Hans J. Skjong/Universitas
Hans J. Skjong/Universitas

Oppgåva di skal inn i morgon, og eksamen er kan hende to dagar etter. Likevel har du innarbeidd ein fin syklus der du startar med å sjekke eposten, så Facebook, og så vidare til nettavisene før du tilslutt opnar pensumboka.

Psykologane kallar dette «prokrastinering», altså utsetting av arbeidsoppgåver du burde gjere.

Tre av fire norske studentar prokrastinerer, og årsakene er kjende for dei fleste: Dei slit med konsentrasjonen, eller så er ikkje motivasjonen tilstades, syner ei undersøking utført av YouGov på vegne av Microsoft, melder Universitetsavisa.
38 prosent av studentane slit med å konsentrere seg, viser òg undersøkinga.

Dei største tidstjuvane
Internett og TV-kikking er dei største tidstjuvane – og statistisk sett brukar du meir tid på å glo på ein skjerm enn husarbeid, matlaging og venevitjing tilsaman.

– Prokrastinering er eit veldig vanleg fenomen i arbeidslivet, særleg i yrke der ein sit med arbeidsoppgåver som ikkje skal fullførast før ganske langt fram i tid. Nettopp difor er òg studentar særleg utsett sidan det ofte kan virke som eksamen er langt unna, seier Bjørn Hopland, HR-direktør for Microsoft i Vest-Europa, til Universitetsavisa.

Les òg: Internett viktigare enn å treffe vener

Bryt ned oppgåvene
Hopland meiner det ikkje er omfattande endringar som skal til for at effektiviteten blir betra.

– Om du er flink til å strukturere og bryte ned oppgåvene dine i delmål blir òg kvardagen meir fleksibel. Problemet for mange er at dei ikkje greier å lage seg milepælar, og at dei mistar konsentrasjonen fordi det endelege målet er så langt borte, seier Bjørn Hopland i ei pressemelding.

Lesinga er lettast å utsetje, framfor individuelle innleveringsoppgåver, syner undersøkinga. 

Les saka i Universitas!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE