Kva treng ein for å skipe ei vellukka bedrift? Torgeir Straand skipa to bedrifter før han fylde 30 og har nokre råd på vegen.

– Ein må nesten vera fleire personar på ein gong. For det fyrste treng ein jo gode idear, men så må ein samstundes ha drive og evna til å gjennomføre. Så er det ein fordel å vera ein ordensmann, som kan passe på dei andre eigenskapane, fortel Torgeir Straand.

Som 23-åring skipa bøheringen, ingeniørbedrifta Ble Engineering, sju år seinare har dei vorte 15 tilsette. Bedrifta produserer utstyr og utviklar ny teknologi for oljenæringa, til mellom anna testboring og brønnoverhaling.

– Vi tenkjer at kunnskap og sundt bondevett = ny teknologi, seier Straand

Flinke folk
– Det er berre i ettertid det er skummelt å tenkje på oppstarten, fortel Straand. Han er utdanna maskiningeniør frå Kongsberg og skulle heim til Telemark for å drive med kultur. Så kom ideen om å starte noko for seg sjølv, og ynskje om å utvikle eigne produkt. I oljebransjen vart det napp. Verksemda starta opp på Kongsberg, der det var eit levande kompetansemiljø på fagfeltet.

– Det aller viktigaste var å samle folk som kunne eit eller anna. Eg har hatt med fantastisk flinke folk heilt frå starten, forklarar Straand. Han peikar på at sjølv om det er teknologi dei driv med, er driftige folk den største ressursen. 

Suksess
Torgeir Straand har klart det mange så vidt berre drøymer om når dei startar eige bedrift – han har skapt 15 arbeidsplassar, som i tillegg er kompetansearbeidsplassar i distrikts-Noreg.

– Vi får inn ein søknad i månaden, så det går jo veldig bra.

Bedrifta har og hausta stor åtgaum. Dei vart kåra til ei gasellebedrift i Dagens Næringsliv si årlege kåring i 2010, for å ha gode resultat og stor prosentvis vekst. I 2009 fekk Torgeir Straand Askeladdprisen av Noregs Bondelag, for å ha skapt næringsverksemd på bygda.

Moro
I tillegg til å vera oppfinnar og bedriftsskipar, er Torgeir Straand ein kjend hardingfelespelar. Han har gjort det skarpt på landskappleiken, spelt med artistar som The Dubliners og turnert i Noreg og utlandet.

 – Det kan vera veldig skummelt å jobbe halvt i svevne. Med slåttonn, ekspanderande bedrift og USA-turne på ein gong, kan det jo verte litt mykje. Eg har nok vorte litt flinkare til å ta meg ferie etter kvart.

Som mange andre gründerar, peikar Straand på at det er konstant jobbing og lange dagar. Då er det ekstra viktig å ha det moro på jobb.

– For oss har det veldig viktig å skape ein god bedriftskultur heilt frå starten.

Kulturperspektiv
For Straand er både folkemusikk og teknologi viktig, og han driv i tillegg kulturbedrifta Til Telemark. Men uansett kva type bedrift ein skaper, trur Straand det er viktig å ha eit kulturperspektiv.

– Eg får drive med ingeniørkunst og kultur. Eg får jobbe med det eg likar best i heile verda. Sjølv om det er ein livsstil, er det heilt klart verdt det, avsluttar gründeren.

 

Torgeir Straand sine tips til unge gründerar:

• Hugs at oppstartsfasen er tøff, så det å ha stayer-eigenskpar er avgjerande.
• Ikkje gløym at det å drive bedrift er ein livsstil, og det merkar ein i mange samanhengar.
• Finn ut om det er eit kundegrunnlag. Er det ikkje det, er det kanskje eit behov og då er det berre å skape kundegrunnlaget sjølv.
• Ein må tenkje kvalitet uansett kva ein leverer.
• Få med folk med tung bransjeerfaring, både i styret og som samarbeidspartnarar.
• Det er folka det kjem an på – uansett, ein treng i grunnen ikkje fleire råd enn det.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE