Nav bruker avhøyrsmetodar for å avsløra juks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nav bruker Facebook

I rapporten står det at Nav brukar Facebook, og at organet kan ringja naboar, arbeidsgjevar eller andre for å avsløra om folk tuskar til seg pengar i samband med stønader til einslege forsørgjarar og sjukepengar.

– Nav forvaltar fellesgode, og vi synest det er viktig og rett at Nav undersøkjer og tek dei som svindlar. Men dei må vera skikkelege i alt dei gjer, og vi må stilla store kvalitetskrav. Vi veit ikkje om dei følgjer lova, ho er så vid at det er uklart, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, til VG.

Tilsynet er også kritisk til at stønadsmottakar, ofte einslege forsørgjarar, blir kalla inn til samtale i staden for at nødvendige opplysningar blir gjevne skriftleg eller via spørjeskjema.

– Vi set spørsmålsteikn ved om det er lov å kalla inn til samtale på denne måten. Konsekvensen av ikkje å møta er at du kan mista trygda din, seier Thon.

Han meiner metodane til Nav liknar på politimetodar og er ikkje imponert.

– Rutinar, reglar og lovverk er ikkje på plass rundt dette. Det er øydeleggjande for dei som blir skulda for trygdemisbruk utan at dei har gjort noko gale, seier Thon.

Nav er ueinig i kritikken.

– Folk må vera trygge på at vi forvaltar personopplysningane på ein god måte, og det kjem vi til å svara Datatilsynet. Vi har faste rammer for kontrollarbeidet, utfører det på ein trygg måte, og rettar oss etter gjeldande lover og reglar, seier Kjersti Monland, direktør for spesialeiningslinja i Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Ho meiner at Facebook-bruk og oppringing av naboar er innan lovverket. (©NPK)

Les òg: Nordmenn er mest trygda i verda