Forskarar i Sverige har funne ut at berre éin av ti pussar tennene på den meste effektive måten for å unngå hol.

NPK
NPK

Sjølv om dei fleste brukar fluortannkrem, er det ikkje mange som veit korleis tannkremen skal brukast, eller korleis han hindrar hol, skriv Forskning.no.

– Tannhelsa kan styrkast vesentleg dersom ein lærer seg korleis effekten av fluortannkrem utnyttast best mogleg, seier forskar Pia Gabre ved Gøteborgs universitet.

Studien viser til dømes at ein av fire svenskar trur oppgåva til fluortannkremen er å gi munnen frisk smak.

Forskarane gir råd om at ein bør bruke fluortannkrem minst to gonger dagleg, etter frukost og før ein legg seg om kvelden. Ein skal ikkje skylje munnen med vatn etterpå. Er ein meir utsett for hol kan ein prøve tannkrem med høgare fluorinnhald, er av råda ein får. (©NPK)
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

ANNONSE