Lene Kaaberbøl har selt nær tre millionar bøker. No er ho aktuell med boka Villheks, om ei usikker jente som plutseleg finn ut at ho er ganske annleis enn alle dei andre.

Øystein Espe Bae
Øystein Espe Bae

Det handlar om kampen mot si eiga usikkerheit, seier ho, og siktar då til både hovudpersonen i boka og til hennar eiga ungdomstid som ung forfattardebutant.

Vi møtte den prisvinnande danske forfattaren kort tid etter at ho fekk den prestisjefulle Orla-prisen for den første boka i serien om villheksa Clara.

Audmjuk prisvinnar
Det er andre gongen Kaaberbøl vinn Orlaprisen i Danmark, ein pris som vert delt ut av ein ungdomsjury som består av 8-13-åringar.

Det er lesarane mine som er viktigast for meg, og difor er eg svært glad når eg får ein slik pris, frå nokon andre enn ”bokpusharar” i bokbransjen, seier ho stolt.

Kjernemålgruppa for den nye boka Villheks er 10-12 år, men elles har ho lesarar i alderen 8-17 år. Mange har følgt henne frå dei las Skammar-serien for nokre år sidan.

Kaaberbøl opplever at ho har ein inspirerande god tone med lesarane sine, som ofte skriv til ho frå heile verda, både på epost og på forumet på nettstaden hennar:

Det er deilig at mange av dei unge lesarane mine er så ærlege i sine tilbakemeldingar. Men det seier seg sjølv at eg ikkje rekk å bli brevvennar med alle som ein. Når ein har selt nesten tre millionar bøker, er det smart å halde seg med ein slags sekretær, smiler ho.

Sjekk ut nettstaden hennar!

Problematisk forfattardebut som 15-åring
I dag er Kaaberbøl ein både sjølvsikker og sjølvstendig ungdomsforfattar i verdsklasse. Men slik var det ikkje då ho vart kasta ut på djupt vatn som femtenårig hestebokforfattar:

Eg kjende meg mykje åleine om skrivinga i byrjinga. På den eine sida var det fantastisk å bli teke alvorleg nok til å få gi ut bok og få brev frå lesarar. På andre sida vart eg skremt av mine første opplevingar med pressa. Plutseleg kom ein journalist og heiv meg ut av timen, som femtenåring! Det hadde ikkje skjedd med dagens retningslinjer, legg ho til.

Det var nok ikkje særleg sunt det mediekjøret eg fekk. Eg vart meir usikker på eit tidspunkt der eg trong det motsette. Kjendisstatusen er ikkje nødvendigvis positiv. Som femtenåring veit ein ofte ikkje kven ein er, og ein har lite å stå imot med viss journalistar presenterer eit skeivt bilete av kven du er, seier ho.

Å forstå verda gjennom dyr
Kaaberbøl ser tilbake på tida som ung forfattar, og har fleire tankar om kvifor ho enda opp med å skrive.

Eg kjende meg mykje åleine om skrivinga i byrjinga. Eg hadde ikkje så mange venar som var interesserte i skriving og bøker. Drivkrafta og skrivelysta kom ut frå meg sjølv – ei slags indre nødvendigheit. Og så var eg svært interessert i hestar, då, vektlegg ho.

Faktisk las eg alle hestebøkene på biblioteket før eg tok til å skrive mine eigne. Å arbeide med hestar i barndommen gjorde at eg tok til å interessere meg for korleis menneska betre kan forstå og kommunisere med dyr – på ein ikkje-verbal måte. Dette skriv eg om den dag i dag, legg ho til.

Mennesket er jo kjent for å vere meir intelligente enn dyr på det jamne. Men kvifor er det slik at den mest ignorante parten i kommunikasjonen med dyra ofte er mennesket, spør ho.

QUIZ: Kven skreiv boka?

Frie tøylar og disiplin
Det er ikkje like lett å balansere mellom fridom og sjølvsensur når ein skal skrive ei bok:

Det var nok viktig for skriveprosessen at dansklæraren min på ungdomsskulen sa klart i frå til mor mi om at ho måtte slutte å legge seg bort i kva eg skreiv, hugsar forfattaren.

Først var eg berre ei jente som likte å skrive, og som skreiv mykje. Men så kom forlaget inn i biletet då eg var 14-15, og ”tvang” meg til å skrive oppatt heile den første boka mi. Med ein gong reagerte eg negativt, men så skjønte eg at boka vart mykje betre til slutt. Difor brukar eg å seie at eg ikkje vart forfattar då eg begynte å skrive, men først då eg begynte å skrive om att!

– Kvardagsnær magi
I Villheks må Clara gjennomgå fire eldprøver for å vise at ho faktisk er ei villheks. Viss ikkje får det drastiske konsekvensar, og ho blir slaven til den vonde Kimæra. Eldprøvene går ut på at ei villheks må forstå og spele på lag med naturen rundt seg:

Vi har i dag blitt framande for den nære naturen. Mange barne- og unge veit meir om elefantar på Serengeti-sletta som dei har sett på tv enn om fuglane som flyg utanfor vindauget sitt, forklarar Kaaberbøl.

Viss ein er ti år første gong ein vert brent av ei brennesle, tyder det på at noko er gale fatt. Noko av det eg gjerne vil med Villheks, er å gjere den nære naturen i Norden meir interessant og levande. Difor er dei fleste dyr som opptrer i boka ganske realistiske: mus, blåmeis, ravn og andre dyr som finns her.

Les siste boknytt her!

Kaaberbøl har freista å foreine det fantastiske med det realistiske i den siste boka. Villheks-verda er fantastisk, men ligg tett på eit kvardagsunivers:

Eg kallar det kvardagsnær magi. Eg vil gjere slik at den ville naturen kjem tett på det kvardagslege. I fantasylitteratur får hovudpersonane ofte store utfordringar, men her får Clara òg passelege utfordringar, i eit miljø som lesaren kan kjenne seg att i. Korleis kan ei jente til dømes vere bestevenn med ein gut utan å bli mobba for å vere kjærestar?

Oppdatert: torsdag 16. november 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE