Turar i grøne omgjevnader kan styrkje deprimerte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Turgåing kan styrkje deprimerte

Den kognitive funksjonen ser ut til å bli styrkt, skriv Forskning.no.
 
– Studien vår viser at personar med klinisk depresjon opplever at hugsen blir styrkt ved å bevege seg i natur, samanlikna med gonge i eit travelt bymiljø, seier postdoktor Marc Berman ved Baycrest's Rotman Research Institute i Toronto, ifølgje nettstaden.
 
Men humøret til pasientane vart ikkje vesentleg betre av å gå tur i det grøne. Marc Berman understrekar òg at parkturar ikkje skal erstatte veletablerte behandlingsformer for klinisk depresjon, til dømes psykoterapi eller medikament.
 
– Å kome seg ut i naturen kan vere eit supplement som forsterkar eksisterande behandling, opplyser Berman. (©NPK)