Samleik til folket!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er naturligvis noko søtt over at Kristelig Folkeparti, viss du hugsar dei, no vurderer om det kanskje kan vere greitt at homofile får gifte seg, og det attpåtil med kvarandre, dersom det finst trussamfunn som vil gifte dei.

Å diskutere å godta homoekteskap no, tre-fire år etter at Norge fekk felles ekteskapslov, det blir litt som å bruke tid no på å diskutere om det er ein god idé å bygge eit nytt operahus i Oslo.

Eller å diskutere om Drillo kanskje bør ta over som landslagstrenar i fotball.

Eller å sette ned eit utval for å utgreie om Alexander Rybak bør representere Norge i den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i 2009.

Slik kunne eg ha halde fram i det uendelige. Det skal eg naturligvis ikkje gjere. Men eg skal halde fram litt til:

Å diskutere å opne for homoekteskap no, blir litt som å no gå inn for at Lillehammer skal søke om vinter-OL i 1994.

Å diskutere å opne for homoekteskap no, blir litt som å vurdere innføring av Internett i Norge.

Ok. No skal eg gi meg.

Snart.

Å diskutere homoekteskap no, blir litt som å diskutere oppretting av eit oljefond.

Å diskutere homoekteskap no, blir litt som å no førebu seg på mulige dataproblem i samband med overgangen til eit nytt årtusen.

Sånn. Ferdig. Det var godt å få det ut. Det var litt som å reise tilbake i tid. Eg er ein nostalgikar, og det er nostalgisk å vitse om KrF. Det var ei tid då vi gjorde det ofte. Ei anna tid. Ei tid då det blei sett på som heilt greitt å ha tjukkegensaren nede i buksa.

Det er med KrF som det er med hallodamene på tv. Det er litt rart at dei framleis finst, men vi ser trass alt ikkje så mykje til dei, og tenker ikkje så mykje på at dei framleis er der.

Men la meg komme til saka, før eg druknar i nostalgi:

Knut Arild Hareide, han unge KrF-fyren med dei kvikke replikkane, han har sagt noko slikt som at han er tilhengar av forpliktande juridiske rammer også for folk som vel andre samlivsformer enn ekteskap mellom mann og kvinne, men at desse samlivsformene ikkje kan kallast ekteskap.

Og der er vi inne på noko.

For ekteskap, er det eigentlig eit spesielt bra ord?

Kjenn på det. Ekteskap.

Det høyrest ut som noko far din har snekra. Av tre han har felt sjølv. Med øks, ikkje motorsag. Ei øks han har slipa sjølv. Ekteskap. Det høyrest ut som solide greier, laga av robust materiale. Ikkje noko billig Ikea-drit som dett frå kvarandre berre du ser på det. Ikkje noko fjollete designer-greier som ser stilig ut men ikkje kan brukast til noko. Skikkelige saker. Skikkelige, fornuftige, kjedelige, varige saker. Utan fargar, sannsynligvis. Trefarga, i så fall. Og ganske stygt.

Det må då finnast eit betre ord enn det?

Og gift? Det er då ikkje meining i at ordet for å leve saman med favorittpersonen din skal vere det same som ordet for noko du puttar i teen til folk du vil ta livet av?

Eg trur det er ein god idé å revurdere slike gamle ord og omgrep no og då. Kvart tjuande år, for eksempel, kan vi ta ein liten gjennomgang. Det kan settast ned ein komité som skal drøfte om gamle ord og omgrep framleis held mål. Om du synest det høyrest ut som sløsing med tid, krefter og pengar å ha ein komité som skal diskutere kva ekteskap eigentlig er, så vil eg berre minne om at Stortinget allereie har ein komité – kontroll- og konstitusjonskomiteen – som bruker tid og krefter på å diskutere kva ein venn eigentlig er.

Så medan KrF diskuterer vidare, så kan vi andre gjerne bruke tida til å finne fram til eit betre, meir romantisk, vakkert og morsomt ord enn ekteskap.

Samleik, for eksempel. Sjølv om det kanskje gjer seg best på nynorsk.

Kjærleiksliv. Det er fint. «Geir og Berit har inngått kjærleiksliv i dag. Vi gratulerer!»

Kjærleiksdugnad. Får trulig støtte i sosialdemokratiske kretsar. Men kanskje ikkje i alle andre kretsar.

Kjærliv?

Leikliv?

Kjærfest?

Kom igjen!

Først publisert i Aftenposten 12. mai.