Unngå gras og timotei

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er eigenleg pollen?
– Pollen er dei mannlege kjønnsorgana til plantene. I pollensesongen blir det sleppt fri for å finne kvinnelege kjønnsorgan.

Kva for pollenallergiar finst?
– Vi har mange ulike former for pollenallergi. Det byrjar i mars/april med or og hassel, bjørk i mai, og gras rundt Sankthans og ut juli. Er du uheldig og er allergisk for alle pollentypane kan du vere sjuk frå tidleg vår til sein sommar.

Kor mange er det som slit med pollenallergi i Noreg?
– Det veit vi ikkje nøyaktig, men vi reknar med at om lag 20 prosent av folkesetnaden er plaga i stor eller lita grad.

Korleis merkar ein skilnaden på pollenreaksjon og vanleg forkjøling?
– Viss ein blir betre når det er kjølig og regn, og symptoma hengjer igjen lenger enn ein vanleg forkjølingsperiode er det nok pollen ein reagerer på. Det er mogleg å ta ei enkel blodprøve eller prikktest hos lega for å sjekke seg, sidan det er dumt å behandle seg for noko ein ikkje er allergisk mot.

Er det nokon som er meir utsett for pollenallergi enn andre?
– Det er vanskeleg å seie, men vi veit at det er nokre genetiske faktorar som spelar inn. Nokre personar er genetisk meir disponert for å utvikle antistoff for pollen, som er ei mogleg årsak til at nokre blir allergisk, og andre ikkje. I tillegg kjem miljøfaktorar, som at ein er mykje ute når det er pollen i lufta.

Korleis kan ein avgrense allergiske reaksjonar på pollen?
– Hovudmedisinen er å unngå stader der det er pollen. Dei som blir sjuke av pollen er utandørs på godvêrsdager, og for studentar er jo dette er eit problem i eksamenstida. Dei beste stadene å opphalde seg når det er høg spreiing av pollen er anten på sjøen eller på fjellet. Man kan òg installere pollenfilter i bilen. Det mest effektive er uansett å stenge seg inne, rett og slett.

Kva for medisinar hjelper mot pollen?
– Som sagt er den mest effektive medisinen å redusere kontakt med pollen. I tillegg kan ein ta tablettar som reduserer reaksjonane, eller spraye slimhinnene i nasen med kortisonnasespray.

Kan ein ta kortisonsprøyte mot pollenallergi?
– Ja, men det blir litt som å skyte sporv med kanon. Man kan ta ein kortisonsprøyte dersom det er heilt krise, til dømes viss det er ein student som skal ha eksamen om ei veke og har sterke reaksjonar på pollen. Men kortisonsprøyte skal ikkje brukast i grunnbehandlinga mot pollenallergi.

Er det mogleg å vaksinere seg mot pollenallergi?
– Ja, då får ein ein injeksjon av pollenekstrakt vekentleg i sju veker, og vedlikehalder behandlinga i to år. Då vil ein i prinsippet vere godt herda mot pollenallergi i mange år. Mot grasspollen har det òg vorte utvikla ein tablett som ein tek under tunga kvar dag i tre år – mange føretrekker det framfor tradisjonell vaksinasjon sidan ein kan gjere det heime.

Kven får vaksinere seg mot pollen?
– I dag får bare personar som er sterkt plaga tilbod om vaksine. Ein prioriterer dei som blir tungpusta og får symptom på astma i tillegg til pollenallergien når det kjem til vaksine.

Kva meiner du om alternativ handsaming av pollen?
– I skulemedisinen er ein kritisk til alternativ behandling sidan det er dårleg underbygd kva for ein effekt handsaminga vil ha. Det finst lite eller ingen vitskapleg dokumentasjon på at alternativ behandling fungerer.

Kva for allergiar er mest vanlege?
– I tillegg til pollen er allergi mot husdyr og midd dei mest vanlege allergiformene i Noreg. Folk som er allergiske mot pollen kan vere litt meir disponerte for andre allergiar enn resten av folkesetnaden.

LES SAKA I STUDVEST!