Kommunane har brukt meir på kultur sidan 2006. Oslo dreg mest opp.

mm

Framtida.no vidareformidla onsdag ei sak som Nynorsk pressekontor siterte Aftenposten på.

– Kulturmakkverk, kalla Jan Arild Snoen saka til Aftenposten onsdag ettermiddag. Han er mediekommentatorMinervanett, og var den første til å påpeika feil i artikkelen.

Kommunane har faktisk brukt meir pengar på kultur frå 2006 til 2010, og ikkje mindre, slik det framstod i artikkelen.

Kulturvekst
Tal som Framtida.no har henta frå SSB/KOSTRA viser at kommunane også har prioritert kultur av dei samla midlane dei har hatt til rådvelde. Netto driftsutgifter i kultursektoren i prosent av kommunen sine totale netto driftsutgifter auka med 0,1 prosentpoeng frå 2006 og 2010.

Tilsynelatande ikkje så stor auke, men ikkje ein nedgang.

Men, som Snoen påpeika: det høyrer med til historia at i 2006 blei kyrkje- og religiøse formål rekna med i kulturtala, men ikkje i 2010. Dermed har veksten vore noko større.

Ser ein derimot på 2011 (ikkje reviderte tal, som heller ikkje framgår i artikkelen frå NPK) så viser det seg at kulturen taper prioriteringskampen. Då brukte kommunane 3,9 prosent av alle driftsutgiftene sine til kultur, mot 4,4 prosent året før.

Auke i Oslo
Samanliknar ein Oslo med landet elles, så viser det seg at Oslo kommune i 2006 prioriterte kultur lågare enn landet elles. Men frå å bruka 3,9 prosent av utgiftene sine på kultur i 2006, brukte Oslo 4,6 prosent i 2010 og 4,2 prosent i 2011. Begge deler litt høgare enn landet elles.

Ser ein på kulturskulane, så har kommunane brukt 27 prosent meir på desse for kvart barn i grunnskulealder frå 2006 til 2010.

Men ser ein i forhold til dei totale utgiftene sine har kommunane utanom Oslo brukt 0,1 prosentpoeng mindre på kulturskulane i perioden 2006-2010. Oslo har priortert kulturskulane opp i denne perioden – men det høyrer med til historia at Oslo ligg langt bak resten av landet i kulturskuletilbod. Både når det gjeld pengebruk og talet på plassar.

LES OGSÅ: Lom er best i landet

Auke i pleie- og omsorg – skulane taper
Den største auken i utgiftene til kommunane har vore innan pleie- og omsorg. I 2010 brukte kommunane 34,3 prosent av utgiftene sine på pleie- og omsorgstenestene – 0,6 prosentpoeng meir enn fire år tidlegare.

Kommunane brukte i 2010 0,8 prosentpoeng mindre av dei samla utgiftene sine på skule enn dei gjorde i 2006.

I skuleåret 2006-2007 var elevtalet i grunnskulen 621.000, medan det i 2010-2011 var 616.000.

LES OGSÅ: Her bruker dei mest på kultur

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE