Fleire lovar Robin Hood-skatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ungarns regjering har planar om å heve 130 milliardar forintar, eller 3,4 milliardar kroner, årleg frå ein ny skatt på finansielle transaksjonar frå neste år, noko som vil måtte bli betalt av bankane som utfører transaksjonane, sa finansminister György Matolcsy  onsdag.

Matolcsy fortalde på ein pressekonferanse at avgifta, som vil vere på 0,1 prosent, ville utgjere  ca 130 billion forintar kvart år i Ungarn.

Han sa transaksjonar utført av Nasjonalbanken og statskassa ville vere friteke for den nye skatten.

Matolcsy annonserte òg ein ny føretakskatt på 30 prosent.

Ungarn følgjer med dette opp Frankrike, der president Sarkozy tidlegare i år lova å innføre skatt på finansielle transaksjonar i landet. Den nye presidenten, Francois Hollande, har lova å følgje opp dette.