Klimutsleppa gjekk ned i 2011

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette førte til mindre utslepp

I fjor vart det sleppt ut 52,7 millionar tonn klimagassar innanlands. Det er 1,2 millionar tonn mindre enn i 2010. Bortsett frå i 2009, da utsleppa gjekk ned på grunn av låg økonomisk aktivitet, har ikkje utsleppa vore så låge sidan 1995.

Utsleppa i 2011 var likevel 5,8 prosent høgre enn i 1990, fortel SSB. Noreg har gjennom Kyoto-avtalen forplikta seg til å ikkje auka usleppa sine med meir enn 1 prosent i høve til 1990-nivået.

Prøv den store klimaquizen vår!

– I løpet av 2010 auka dei norske utsleppa med 5 prosent, difor er det svært gledeleg at utsleppa no går ned, seier Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom og legg til:

– Likevel må me innrømma at det i fleire av sektorane ikkje er på grunn av politiske verkemiddel at utsleppa blir redusert. Me er bekymra for at me framover kjem til å sjå utsleppsgrafar som det eine året går ned, og det neste året blir auka dobbelt så mykje.

Varmt vêr
Låge straumprisar har gjort at gasskraftverket på Kårstø stod ubrukt sidan 9. juni i fjor. Dette skuldast mellom anna mildvêr, og låge straumprisar. Snittemperaturen i Noreg låg i fjor over 1,8 garder over normalen.

Den einaste kjelda som auka utsleppa sine av klimagassar var utslepp av fluorgassar. Oppvarming av hus og energiforsyning har redusert klimautsleppa prosentvis mest.

Kva meiner du bør gjerast for å kutta klimautsleppa i Noreg?