Trendy med menn i bunad

Interessa for herrebunader eksploderer. I Trondheim har salet auka med femti prosent. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Interessa er kjempestor. Vi lagar framleis flest kvinnebunader, men herrane kjem etter, seier Torild Stavnes, som er leiar for bunadsavdelinga hos Husfliden i Trondheim til NRK.

Dei siste åra har bunad blant konfirmantane vore ein aukande trend. Jentene har leidd an, men no kjem gutane etter. Iallfall på Lillehammer.

– Interessa har auka blant alle, og dette påverkar gutane også, seier Randi Hundere, som leier bunadsavdelinga hos Husfliden på Lillehammer.

Ho er ikkje overraska.

Tradisjonsplagg
– Dette er eit område med sterke tradisjonar, og vi har alltid sydd mange herrebunader. No ser vi at stadig fleire konfirmantar også vel bunad, seier ho.

Også i Vest-Agder vert det fortalt om auka bunadsinteresse blant menn. Men her, som andre stader i landet, er det stort sett menn frå 20-åra og oppover som ønskjer bunad.

– Dette kjem nok av at tenåringane enno ikkje har vakse seg ferdig. Det er vanskeleg å sy ut og rette på ein herrebunad, samanlikna med ein damebunad. Det er nok grunnen til at fleire ventar til dei er ferdig med tenåra, seier Camilla Agre Mortensen, avdelingsleiar ved Husfliden i Kristiansand.

Blant dei som er eldre trur ho mange har lyst til å matche kona.

– Dei bli jo så fine saman, då. Herrebunaden er langt på veg i ferd med å utkonkurrere dressen, meiner ho.

Ved Husfliden i Ålesund har dei aldri sydd fleire herrebunader enn i år.

– Dess meir vanleg det blir, dess fleire vil bruke bunad, trur dagleg leiar Åse Karin Gjære.

Ho synest å merke at også motebevisste menn no vel bunad.

– Han er rett og slett blitt trendy. Det er også meir vanleg å gi ei drakt i 30- eller 40-årsgåve. I allefall fall dersom dei nemner det for bestemor. Ho blir gjerne så glad at ho spanderer heile bunaden, ler Gjære. (©NPK)

Kva meiner du? Er det fint med bunad?