Rettar blikket mot Stortinget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landets yngste partileiing

Landsmøtet til raudt på Håndverkeren Konferansesenter i Oslo har denne helga valt ny leiing. Bjørnar Moxnes (30) er ny partileiar, Mari Eifring (25) er partisekretær og Joachim Espe (31) blir fagleg leiar. Marielle Leraand (37) og Marie Sneve Martinussen (26) er nye nestleiarar. Den yngste partileiinga i landet rettar no blikket mot Stortinget.

– Frå hausten 2013 skal Raudt på Stortinget for å vere ein aktiv og tydeleg venstreopposisjon. Aldri meir skal Stortinget einstemmig støtte ein krig, slik dei har gjort med Afghanistan-krigen og Libya-krigen. Raudt skal heve stemma når dei andre partia er samde om skatteløftet, Nato-lojaliteten og handlingsregelen, seier nyvalt leiar, Bjørnar Moxnes i ei pressemelding.

– Vi skal lære av det danske søsterpartiet vårt Enhedslisten, som gjorde eit brakval sist og no tangerer 10 prosent på målingane. Raudt skal vekse gjennom å vere eit tydeleg og radikalt parti.

– Det er mykje frieri til fagrørsla i norsk politikk for tida, men det einaste partiet som vel klubbleiarar frå grasrota inn i den øvste leiinga er Raudt. Det er ikkje utan grunn. Kampen mot sosial dumping, for faste tilsetjingar og for likelønn blir ei hovudsak for Raudt framover.

Moxnes meiner Arbeidarpartiet ikkje leverer i arbeidslivspolitikken. Han trekk fram vikarbyrådirektivet som døme.

– Stadig fleire jobbar under arbeidsvilkår som er fjernt frå Stoltenberg sine festtalar om den norske modellen. I byggebransjen i Stor-Oslo er dobbelt så mange bygningsarbeidarar tilsett hos bemanningsbyrå som hos dei største entreprenørane. Vi ser ein eksplosjon i bruken av ulovleg innleie, og i denne situasjonen er vikarbyrådirektivet det siste vi treng.

– Regjeringa har ikkje levert kraftfulle nok verkemiddel så langt. Raudt krev at Arbeidstilsynet får tilsynsrett og sanksjonshøve, som kraftige bøter. Parkerer du feil, får du ei saftig bot. Driv du sosial dumping og bryt Arbeidsmiljølova ved ulovleg innleie, får du ingen reaksjonar. Det er på tide å styrkje rettsvernet for arbeidsfolk, held Moxnes fast.