Laboratorium for velferd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jobbar for profitt og velferd

– Er du imot vald?

Bettina Lundin (17) frå Oslo er umogleg å gå forbi der ho står og viftar med eit rosa armband i gummi. Augo brenn av engasjement.

– Viser du at du er imot vald?

Gummiarmbandet Lundin ivrig viser er ein valdsalarm med ei fløyte for naudssituasjonar. I sterke fargar, med påskrifta «Safe and Sound» er armbandet óg eit synleg standpunkt mot vald. Overskotet frå salet går til Landsforeningen for Voldsofre.

Vil endre samfunnet
Inspirert av røyrsler som Livestrong, har elevane i ungdomsbedrifta Nomeno frå Oslo Handelsgym ambisjonar om å endre samfunnet. Det skal gjerast på ein økonomisk bærekraftig måte, men med fokus på det viktigaste: å forhindre valdsbruk.

– Draumen er at «Safe and Sound» skal vakse til ei stor rørsle, slik at armbandet vert eit kjent symbol på at ein er imot vald. På den måten vil det ikkje berre vere ein valdsalarm, men óg kunne skape debatt kring valdsbruk, fortel Lundin.

Sosiale entreprenørar
Under Norges Messe for Ungdomsbedrifter før helga kom Nomeno UB på andreplass i konkurransen for beste sosiale entreprenør. I år er første gong arrangørane i Ungt Entreprenørskap deler ut denne prisen.

Sosiale entreprenørar er bedrifter som freistar å løyse sosiale utfordringar på ein økonomisk bærekraftig måte.

Katinka Greve Leiner sat i juryen under NM. Ho er direktør for Ferd Sosiale Entreprenørar, som støttar utvalde prosjekt, organisasjonar og personar som arbeider innan sosialt entreprenørskap. Ifølgje Leiner er sosialt entreprenørskap ein forretningsmodell som er i framvekst i norsk næringsliv.

LES OGSÅ: Inviterer til skrukkeparty

– Sosiale entreprenørar har vi alltid hatt i samfunnet, men merksemda og interessa for området er vaksande. Fleire byrjar å få auga opp for denne spanande måten å kombinere ynske om sosial endring med å tenkje forretningsmessig, seier Leiner.

Dermed utfordrar dei sosiale entreprenørane myta om at næringslivet berre er opptekne av kontopåfyll.

– Tanken er kanskje framand for mange, spesielt i vårt samfunn. Men sosiale entreprenørar kan fylle tomrom. Dei tek tak i sosiale utfordringar og finn kreative løysingar. På mange måtar er dei eit laboratorium for velferdsstaten, seier Leiner.

Dobbelbotn
– Mange snakkar allereie betre norsk. Det er utruleg kjekt å vere med på, seier Trude Bjørnseth (19) frå Florø.

Saman med Sara-Marie Yndestad (18) representerer ho ungdomsbedrifta Trimigrering frå idrettslinja ved Flora vidaregåande skule. Bedrifta, som fekk tredjeplass for beste sosiale entreprenør under NM, tilbyr treningstimar for innvandrarar i Florø.

– Målet er både at deltakarane skal få bedre helse og at vi skal bli kjende med kvarandre. På den måten kombinerer vi trim og integrering, fortel Yndestad.

Omkring tjue menn og kvinner i ulik alder deltek på treningstimane. Florø-jentene har stor tru på prosjektet.

– Vi merkar at det er marknad for ideen vår. Eg har sett ordet «trimigrere» bli brukt som eit verb og det tyder på at vi har blitt lagt merke til óg, smiler Yndestad.

LES OGSÅ: Kva skal Noreg leva av i framtida?

Sosiale resultat viktigast
Trim og integrering er det viktigaste for elevane i Trimigrering, slik å hindre vald og skape medvitne haldningar mot vald er det viktigaste for elevane i Nomeno UB. Ein viktig del av sosialt entreprenørskap er likevel at bedrifta skal vere økonomisk bærekraftig.

– Vi har ein avtale med Innvandrarsenteret i Florø om at dei kjøper timane av oss, fortel Bjørnseth.

Bettina Lundin i Nomeno UB fortel at elevane har lagt ned mykje frivillig innsats.

– Vi er einige i å halde kostnadane på eit minimum og tek ikkje ut lønn, fortel ho.

– Men vi håper jo at salet skal gå bra og at vi kan utvikle bedrifta vidare. Vi har mange idear til relaterte produkt, legg ho til.

– Den største utfordringa for ein sosial entreprenør er nettopp at ho må tenke forretning, men samstundes vere mest oppteken av dei sosiale resultata. I tillegg må ein få folk til å sjå verdien av det ein gjer. I Norge er vi vande med at andre betalar for velferda, seier Leiner.

LES OGSÅ: Framtidas idéskaparar

Unge leier an
Leiner syns det er viktig å få fram at dei unge leier an innan sosialt entreprenørskap.

– Eg er imponert over nivået under årets NM i Lillestrøm. Her er fleire prosjekt vi ser potensiale i, seier Leiner.