Følgjer vener og familie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Det har så vidt byrja regne på kunstgrasbana ved Framohallen i Fyllingsdalen i Bergen. To lange rekker med jenter løp langs den eine langsida og ventar på at bana skal verte ledig.

– Marie og Sara, dei spring først, ropar trenar Stein Arne Andersen.  

Halvparten av spelarane på SK Fyllingen sitt jenter 16 lag konfirmerte seg i fjor, i år er det dei andre sin tur, deriblant Marie Særsten og venninna Sara Bøe. Dei skal begge konfirmere seg i statskyrkja.  

– Dei snakkar ikkje så mykje om konfirmasjon, men det er meir ei utfordring å få konfirmasjonsundervisning til å passe med treningar og kampar. Dei må jo gå på undervisninga. Vi ordnar det slik at det skal passe, seier trenar Stein Arne Andersen.

Marie spelar både handball og fotball, og då vert det travelt nå når ho har hatt konfirmasjonsundervisning i tillegg. Religion er ho eigentleg ikkje så oppteken av, men Marie var aldri i tvil om at ho skulle konfirmere seg.

– Kvifor konfirmerer du deg?

– Det er ein tradisjon i familien. Eg kjenner at det er viktig i høve til kva eg er vant med.

– Kvifor i kristeleg?

– Eg er ikkje heilt sikker på valet mitt. Det var berre det som kjentest mest naturleg.

– Korleis har vener og familie påverka deg?

– Eg tenkte ikkje anna enn å konfirmere meg på grunn av familien. Hadde ikkje familien vore så samansveisa og alle hadde konfirmert seg, ville eg kanskje tenkt annleis. Alle venene mine konfirmerer seg òg.   

– Kva synest du om konfirmantundervisninga?

– Dei er flinke til å legge til rette slik at det skal passe med skule og treningar. Og vi har sjølve vore med å bestemme korleis det skal leggast opp. Om ein er sliten og ikkje har hovudet med seg, treng ein ikkje kome.

– Kva er det viktigaste du har lært?

– Eg har lært korleis ei gudsteneste går føre seg, og kva som skjer i kyrkja før ei gudsteneste. Vi konfirmantar hadde ei gudsteneste for foreldra. Det var ganske kjekt eigentleg. Eg fekk prøvd noko heilt nytt. Det var ikkje skummelt heller, fordi dei fleste der kjenner eg godt frå før. Min oppgåve var å bere inn lys. Mange las òg frå Bibelen.

– Kva slags forventningar har du til konfirmasjonsdagen?

– Eg håpar alt vert sånn som det alltid har vore, at det vert tradisjonelt. Det er ein dag eg ser fram til. Eg har vore i konfirmasjonar tidlegare og det har vore veldig bra.

LES OGSÅ: Fleire enn åtte av ti konfirmerer seg

– Kvifor trur du konfirmasjon står så sterkt i Noreg?

– Eg veit ikkje heilt, men eg trur kan skuldast at ein del høyrer på kva familien meiner og følgjer det andre i familien har gjort tidlegare. Og når dei fleste venene konfirmerer seg, så vil ein gjerne gjere det sjølv òg. Det er berre ein gong i livet ein har moglegheita.

– Kva ynskjer du deg?

– Pengar og litt smykke. Eg har lyst til å spare pengar, kanskje bruke noko på det som er nødvendig og kanskje litt på ferie.

LES OGSÅ: Ber kyrkja bremse festen

 – Korleis er det å syne at ein er religiøs?

– Det trur eg kan vere skummelt. Men jo eldre du blir, jo meir skjønnar du at folk er forskjellig. Sjølv om ein tilhøyrer forskjellige religionar, aksepterer ein kvarandre.

– Kva betyr religion for deg no og kva trur det vil bety framover?

– Eg har ikkje nokon sterke meiningar om religion. Eg trur ikkje eg kjem til å endre synspunkt. Eg trur ikkje eg kjem til å forhalde meg så mykje til religion. Eg kjem til å stå for at eg konfirmerte meg, men eg kjem ikkje vere ein aktiv kristen som til dømes går i kyrkja kvar søndag.

LES INTERVJU MED ANDRE SOM KONFIRMERER SEG!