Stilte i NM med mote på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med mote på nynorsk i NM

 

Saman med medelevane Emilie Risnes Øyre (16), Monica Flatland (17) og Gudrun Ness (17) deltok ho på Nasjonal Messe for Ungdomsbedrifter i Lillestrøm torsdag og fredag. Med breie smil promoterte jentene ivrig sitt nynorske motemagasin, «Puella Magasin».

Jentene vann fylkesfinalen med magasinet sitt tidlegare i år.

Rimeleg mote
«Når fekk mote ein prislapp» er mottoet til bedrifta, som har sitt opphav frå design- og handtverkslinja ved Luster Vidaregåande skule. I NM var dei éi av 78 ungdomsbedrifter, som kunne delta i 17 ulike konkurransar.

– Me vil syna bra mote, som óg er rimeleg. På den måten vil me ta vekk litt av presset. I dei store magasina er det stort sett eksklusiv mote som vert fronta. Lesarane ser, men har kanskje ikkje råd, fortel Anja Helen.

I «Puella Magasin» er moten derimot henta frå dei dei vanlege kjedebutikkane, som Lindex og Ellos. Ingen av kleda, skoa, veskene eller tilbehøyret kostar over tusen kroner.

Naturleg nynorsk
Gjengen bak «Puella Magasin» har sjølv stått for å fotografera, stå modell, skriva tekstar, velja ut moten, halda orden på økonomien og marknadsføra produktet. Sjølv om valet om å laga eit motemagasin på nynorsk fall naturleg, er dei unge entrepenørane langt frå likegyldige til språket.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

– Det blir feil når mange vil ha nynorsken vekk. Nynorsk er like viktig for oss som bokmål er for andre. Sjølvsagt fall det oss heilt naturleg å ha magasinet på nynorsk, men me trur óg det kan gi folk moglegheita til å læra meir nynorsk på ein spanande måte, seier modell-, skribent- og tillitsvald i bedrifta, Emilie Risnes Øyre (16) frå Sogndal.

Nøgde utan pris
Sjølv om ikkje gjengen fekk med seg noko pris heim til Sogn, er dei stornøgde med å ha komme så langt med ein idé som kom ein heilt vanleg skuledag.

– Å få vera med på NM er ein pris i seg sjølv. Det er utruleg kjekt at me har kome så langt med ideen vår, seier Emilie.

LES OGSÅ: Vil vise deg billig mote

– Nivået på NM var veldig høgt, med utruleg mange dyktige bedrifter. Sjølvsagt er det litt synd at me ikkje vann, men her er det ingen sure miner, seier Monica, som er redaktør for magasinet.

«Puella Magasin» stilte i konkurransane for beste rekneskap, beste innovative produkt og beste ungdomsbedrift.