Framtidas idéskaparar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette er Noregs beste bedrift

 

Skapargleda nærast gløda då 78 ungdomsbedrifter frå heile landet samla seg til Nasjonal Messe for Ungdomsbedrifter i Lillestrøm før helga. Entusiastiske unge entreprenørar promoterte ivrig sine idear på vestlandsk, austlandsk, trøndersk og nordnorsk. Eit mylder av unge og eldre vrimla blant standane, der idear, erfaringar og utfordringar ved å drive si eiga bedrift vart utveksla. På NM samla dei beste ungdomsbedriftene frå kvart fylke seg.

Tidleg krøkast
Vilde Amundsen (18), Ramona Hevrøy (17) og Sigrid Indrehus (17) hadde teke med sitt miljøengasjement i bokform til messa. Med blomar i håret fronta dei bedrifta GreenDream frå Bergen Handelsgymnasium. Charlie og Lillebjørn. Et miljøeventyr er ei barnebok om miljø.

LES OGSÅ: – Kanskje den viktigaste læringa

– Vi vil påverke born til å bli miljømedvitne. Gjennom ei barnebok kan vi gjere det på ein inspirerande og gøy måte, seier Vilde.

Elevane har sjølv skrive og illustrert boka.

– Vi vil få fram at det er dei små tinga som tel. Å sløkkje lyset, å ikkje kaste bos i naturen og å resirkulere. Born kan óg gjere ein forskjell, held Vilde fram. 

Frå a til å
Ideane som vart presenterte på messa dekka eit breitt spekter. Nokre satsa på å gjere livet litt enklare, til dømes med regntette pc-vesker, justerbare desilitermål, sko med utskiftbare sålar eller ein snuskopp for søl frå snus. Andre tilbydde tenester som kan lette kvardagen for spesifikke grupper, som sosiale aktivitetar for eldre eller fotballarrangement med fokus på det sosiale. Fleire bedrifter hadde gått laus på miljøutfordringar, medan andre igjen freista å ta den teknologiske utviklinga eit steg vidare.

Les meir om entreprenørskap her!

«Skann meg» oppfordra Terese Helle (17) med messa sin kanskje mest kreative marknadsføringsstrategi: utkledd som ein smarttelefon promoterte ho Mico Media UB sin sjølvutvikla applikasjon. Saman med 23 medelevar ved Mo og Jølster vidaregåande skule driv ho ei ungdomsbedrift som tilbyr «kreative og nytenkjande medieprodukt innanfor foto, film, journalistikk, digitale medium, grafisk produksjon og mykje meir».

– Vi er her for å lære. Det er utruleg høgt nivå og mange veldig gode idear. Det er kjekt å få smaken på korleis ein driv ei bedrift, fortel Terese, før ho må forklare potensielle kundar korleis den nye appen verkar.

Terese Helle (17), Hanna Sætre (17) og Siv Kristin Eikås Hovland (18) frå Mo og Jølster vidaregåande skule lagar mellom anna applikasjonar til smarttelefonar.

Trådlaus vinnar
Vinnaren av den gjevaste prisen, Noregs beste ungdomsbedrift, vart ei bedrift som freista å stilne eit teknologisk behov vi kanskje ikkje visste vi hadde. Frii UB frå Nøtterøy i Vestfold har utvikla ein trådlaus lydoverførar. Ein liten sendar kopla til lydkjelda, sender til mottakaren som er kopla til høgtalaren ved hjelp av bluetooth.

– Noko av det mest utfordrande var faktisk å kommunisere med kinesiske fabrikkeigarar som skulle lage produktet, fortel Vegard Røise Samuelsen (17) i Frii UB. På prisutdelinga fredag var kunnskapsminister Kristin Halvorsen til stades for å dele ut prisen til beste ungdomsbedrift.

Etter å ha stukke av med tittelen i NM, går vegen vidare til europameisterskapen i Bucuresti for Vegard og resten av Frii UB.

Vegard Røise Samuelsen (17) i Frii UB forklarar potensielle kundar ideen bak den trådlaus sendaren som kan overføre lyd. Frii UB vart kåra til Noregs beste ungdomsbedrift under NM.