Vil bekrefte valet sitt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inne på eit lite grupperom hjå Frikirken i Bergen (http://www.frikirken-bergen.no/)sit sju kommande konfirmantar saman med pastor Leif Erik Nilsen. Det er fredag og kort mellom latterkulane. På bordet står syltetøy og eit fat fylt med heimelaga lappar. Ei mor har vore innom med mellommaten.

– På planen i dag står kjærleik og sex, fortel Leif Erik og legg til at det skal handle om bod fem og seks òg.

– Kva for bod er det, undrar to av gutane.

– Det at ein ikkje skal attrå, tyder det at det ikkje er lov å ha lyst på noko, spør ein.

– Det er lov å ha lyst på noko. Attrå eller begjær er noko som er mykje sterkare, repliserer Leif Erik.

Kan du dei ti boda? Les meir om dei her!

Planlegg feiringa
Konfirmasjonsdagen nærmar seg. Pastoren lurer på om det er nokon som har lyst til å danse ”Fader Vår” på den store dagen. Madeleine ristar på hovudet, men medgir at det har vore kjekt å sjå andre konfirmantar gjere det.

Kring 200 personar tilhøyrar kyrkjelyden her. Dei møtast kvar søndag og gjennom ulike aktivitetar i veka. I år skal sju av dei konfirmerast. Madeleine Misje Roman har vore med i kyrkjelyden her saman med familien så lenge ho kan hugse.

– Eit år var det gutane som dansa, eit anna år jentene. Det så veldig gøy ut. Men eg vil ikkje danse, seier ho og smilar medan ho tek ein lapp til.

– Kvifor konfirmerer du deg?

– Det er for å bekrefte dåpen og vise at eg høyrer til Jesus og for å syne at det er det eg vil. Bekrefte det valet eg har gjort.

– Kvifor i Bergen Frikirke?

– Eg har gått her sidan eg var liten. Eg var 2-3 år. Denne kyrkjelyden er den eg høyrer til. Eg tenkte på andre kyrkjelydar òg. Eigentleg var det berre gutar som skulle konfirmere seg her, men så fekk eg med meg Iselin – så no er vi to jenter her.

– Korleis har vener og familie påverka deg?

– Det har ganske mykje å seie. Heile familien min er kristne. Det har alltid vore slik at vi har konfirmert oss. Det ligg så naturleg fordi eg er kristen.

– Kva synast du om konfirmantundervisninga?

– Det er veldig bra. Vi byrjar med å ete, så har vi undervisning, så les vi litt i bibelen. Vi snakkar saman og diskuterer. Det likar eg.

– Kva er det viktigaste du har lært?

– Eg synst det er bra å høyre andre sine tankar og meiningar når vi diskuterer ulike tema. For eksempel det med treeinigheita. Eg synest det har vore litt vanskeleg å forstå og er noko eg alltid har lurt. Det har blitt meir forståeleg no når vi har diskutert det.

– Kva slags forventningar har du til konfirmasjonsdagen?

– Eg vil at den skal vere veldig bra. Eg håpar at det skal verte fint vær. Eg håpar at det skal verte eit minne for livet og at eg skal hugse den dagen eg tok mitt livs viktigaste val.

– Kvifor trur du konfirmasjon står så sterkt i Noreg?

– Noreg er eit kristent land. Det ligg kanskje litt i slekta og at mange ser på det som ein fin tradisjon som dei ynskjer å vidareføre. Mange konfirmerer seg kanskje berre for å få gåver. Då har dei misforstått poenget med konfirmasjon. Eg tenkjer sjølvsagt òg på gåvene, men det er ikkje årsaka til at eg konfirmerer meg.

LES OGSÅ: Ber kyrkja bremse festen

– Kva ynskjer du deg?

– Eg ynskjer meg pengar og smykke, slike ting ein brukar å få. Viss eg får mykje, så vil eg spare. Viss eg ikkje får så mykje, kjem eg til å bruke pengane på noko eg ynskjer meg.

– Korleis er det å syne at ein er kristen?

– Eg synst ikkje det er vanskeleg å syne at eg er kristen. Eg går på ein kristen skule og der er det mange kristne. Men heller ikkje på fritida er eg redd for å vise at eg er kristen. Eg diskuterer gjerne med folk som har andre syn. Eg dansar. Der er det mange som trur på for eksempel Darwin og ”the big bang”. I diskusjonar med andre, byrjar eg å tenke. At ein prøver å forstå kvarandre og respekterer kvarandre, er viktig. Eg prøver å overbevise med mine argument. Å la andre få nye tankar i hovudet, slik at kanskje dei òg vil byrja å tru seinare.

– Kva betyr religion for deg no og kva trur det vil bety framover?

– Det er heile livet mitt. Jesus er heile livet mitt. Eg tek Gud med meg i kvardagen, han er håpet. Eg bruker å be kveldsbønn og går alltid i kyrkja på søndagar. Eg snakkar med Gud gjennom tankar i kvardagen. Eg veit at eg kjem til å tru på han alltid og han kjem til å verte ein viktig del av livet mitt, både gjennom glede og i tunge tider.

Dei neste dagane har Framtida.no konfirmasjon som tema. Følg med her!