Facebook-brukarar er slappe med tryggleiken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje organisasjonen Consumer Reportdroppar 13 millionar amerikanske brukarar personverninnstillingane på nettstaden – eller dei er rett og slett ikkje klar over at dei finst. Berre 37 prosent seier at dei aktivt har gått inn og tilpassa tryggleiksinnstillingane.

Rapporten noterer seg også at minst 48 millionar amerikanarar har lagt ut at dei har tenkt å reisa bort ein bestemt dag, noko som kan vera eit potensielt tips til innbrotstjuvar.

Consumer Report har i tillegg registrert at 4,7 millionar brukarar har trykt på «likar»-knappen til facebooksider om spesielle helsetilstandar eller -tilbod, noko som kan bli brukt mot dei av mellom anna forsikringsselskap.

Les òg: Stadig yngre barn opplever press

Sju millionar hushald som brukar Facebook opplyser at dei hadde problem i fjor, frå stolen påloggingsinformasjon til mobbing på nettet. Det er ein auke på 30 prosent frå året før. (©NPK)

Les òg: Facebook viktigare enn å møte vener