Lovar kamp mot valfag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovar kamp mot valfag

Denne helga er det landsmøte i Høgre. 22. juni byrjar landsmøtet til Unge Høgre, der mangeårig leiar Henrik Asheim takkar av. Allereie no har valkomiteen samrøystes innstilt Paul Joakim Sandøy som leiar.

Moldensaren seier han vil jobba for å gjera Unge Høgre til landets leiande ungdomsparti.

Kvifor er det bruk for Unge Høgre i norsk politikk?

– Fordi Noreg treng Høgre, og Høgre treng ein ungdomsorganisasjon som både brenn for partiet, men som samstundes stiller tøffe krav.

Kva er dei viktigaste krava frå Unge Høgre til landsmøtet til Høgre?

– Det vi vil kjempa for på landsmøtet er at Høgre seier nei til valgfag i ungdomsskulen som tar verdifull tid vekk fra basisfaga. I staden vil vi tilpassa matte-, norsk- og engelskundervisinga ytterlegare. I tillegg kjem me til å ta til orde for ein tøffare skattepolitikk.

– Dessutan handlar dette landsmøtet om å setja mål for 2030, og me vil at Noreg skal ha Europas leiande forskingsuniversitet og at det skal ha vore investert massivt i bane- og bussløysingar innan 2030.

LES OGSÅ: – Ikkje bruk opp pengane våre

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Som utvekslingsstudent i USA blei eg engasjert av valet der borte. I tillegg såg eg kva som var bra med det norske samfunnet og kva som kunne bli betre. Ofte hjelp det å sjå ting litt frå utsida.

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Det kan ein ikkje. Derfor må ein ha politikarar som ser enkeltmenneske framfor system, og som lar politikarane bestemma mindre og folk bestemma meir over sine egne liv.

Kva blir forskjellen på deg som leiar av Unge Høgre og Henrik Asheim, som no takkar av?

– Det er ganske mykje – alle leiarar vil ha sin eigen måte å leia på. Dessutan er me i ein heilt annan situasjon enn då Henrik tok over. No som Høgre igjen har blitt ein bauta i norsk politikk, betyr det at Unge Høgre kan vera endå tøffare og stille enda strengare krav enn før.

LES OGSÅ: Rekordauke for ungdomspartia

I dag er fire av sju partileiarar frå stortingspartia frå Vestlandet. Du vil bli den andre leiaren av ungdomspartia som kjem frå Vestlandet. Vil Vestlandet merka noko til dette?

– Det er bra at ikkje alle kjem frå Oslo-gryta. Det er ein fordel at me som meiner noko om korleis verdiane skal fordelast kjem frå ein region som faktisk skapar verdiar. Dessutan blir det forhåpentlegvis litt meir moldensardialekt i radio og på TV!

Noreg blir av mange halde fram som eit av dei mest sentralstyrte landa i Europa. Vil du gjera noko med dette?

– Ja! Føresetnaden er ein storstilt kommunesamanslåing. Då kan me overføra fleire oppgåver til kommunane, og også la kommunane regulera meir av skattenivået sjølv. Då vil lokalval få ein reell betydning igjen.

– Den viktigaste desentraliseringa me kan gjera er likevel å overføra meir makt til enkeltmenneske, gjennom lågare skattar og mindre reguleringar.

LES OGSÅ: Ikkje ekstra fuktig i ungdomspartia

Bør ein nytta tvang for å få fleire kommunar til å slå seg saman?

– Ja. Me bør seia at me innan 2015 skal det vera for eksempel 200 kommunar, og dersom dette ikkje blir skjer, må Stortinget gå inn og teikna kommunegrensene sjølv.

Som leiar i Unge Høgre var Kaci Kullmann Five med på å kjempa gjennom stemmerett for 18-åringar på 70-talet. Kva meiner du om stemmerett for 16-åringar?

– Eg er med på diskusjonen viss me samtidig reduserer myndigheitsalderen til 16 år, men det har foreløpig ingen foreslått. Eg meiner ein skal vera myndig når ein stemmer.

 

Kva meiner du om valfag på ungdomsskulen? Er det sløsing med tid og pengar? Eller heilt naudsynt? Diskutér i kommentarfeltet!

Faktaboks

Namn:
Paul Joakim Sandøy

Alder:
24

Skule/arbeid:
Jusstudent i Bergen

Favorittfag på vidaregåande:
Norsk og historie

Verv:
Sentralstyremedlem i Unge Høgre og leiarkandidat

Medlem i:
Unge Høgre, Amnesty Norge og Europeisk ungdom

Kva gjer du i fritida/hobby:
Ser på fotball og TV-seriar, trenar og er saman med venner og kjærast