Køyrde inn i stortingsgarasjen med våpen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk med seg våpen inn

Klokka hadde vorte 19 då mannen heilt uhindra køyrde den sivile bilen sin inn i garasjen under Stortinget, skriv Bergens Tidende.

Som Anders Behring Breivik hadde han uniform og hadde som massedrapsmannen med seg våpen i bilen. Han sa, slik Breivik gjorde på Utøya, at han var der på grunn av terroraksjonen i regjeringskvartalet.

Mannen var på ferie då han vart kalla inn til Heimevernet etter terrorangrepet. Han måtte innom Stortinget for å hente det militære ID-kortet sitt, og kom uhindra inn.

Mannen meiner tryggleiken ved Stortinget er for dårleg og har sendt ei bekymringsmelding til 22. juli-kommisjonen om hendinga.

– Er du innstilt på å angripe Stortinget, er det ikkje vanskeleg å omgå tryggingstiltaka. Stortinget er dårlegare sikra enn andre tilsvarande statsmakter, seier mannen, som ønskjer å vere anonym.

Tryggingssjefen ved Stortinget, Berit Michelet, seier at det er strengt forbode å ta med våpen inn i bygningen, men at ho elles ikkje kan kommentere informasjon ho ikkje har fått verifisert.

I evalueringsrapporten til politiet om 22. juli står det at politiet starta vakthaldet ved Stortinget klokka 18.05. Men stortingsarbeidaren seier at han éin time seinare ikkje såg politi der. (©NPK)