Ikkje lønsamt med superbreiband

Ein ny rapport slår fast at høghastigheitsbreiband i distrikta ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten er utarbeidd av Vista Analyse på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Den slår fast at det både er dyrt og av lita samfunnsøkonomisk nytte å byggje ut høghastigheitsbreiband i distrikta, skriv Nationen.

I rapporten blir det trekt fram at det er mykje å hente på å gi ei brukbar breibandslinje til dei rundt 300.000 som ikkje har noko form for breibandsmoglegheiter i dag, men at kostnadene er store. Vista Analyse konkluderer derfor med at det er liten nytteeffekt av å gi breibandslinjer til distrikta.

Statssekretær Anne Beathe Tvinnereim (Sp) i Kommunal- og regionaldepartementet synest det er ein god rapport som slår fast at alle i landet skal ha tilgang på tilstrekkeleg breiband, men at han ikkje tek høgd for framtidsbehovet for internett. Tvinnereim meiner det er eit problem fleire stader i distrikta at nettilgangen ikkje er tilstrekkeleg.

– Dårlege breibandslinjer betyr at det er vanskelegare å drive næringsutvikling på stadene det gjeld. Det er også vanskelegare å etablere arbeidsplassar og bedrifter. Dette vil føre til at det vil vere mindre attraktivt med busetjing, alle vil jo vere på nett no for tida. Å få unge folk til å etablere seg i område av landet utan breiband eller mobildekning er så godt som umogleg, seier statssekretæren til Nationen. (©NPK)