Prisar Eikemo og Rydland

Nynorsk litteraturpris og Nynorsk barnelitteraturpris delt ut fredag.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsk barnelitteraturpris går til Asbjørn Rydland for bøkene om Drakeguten.

– Forlaga tilbyr flest omsette bøker i denne sjangeren. Me treng fleire slike bøker, sa leiar i Noregs Mållag då han delte ut prisen.

Den fantastiske historia om stallguten Koll har kome med to bøker, og tre nye er på veg.

Juryen synest Rydland fortener heider fordi han har skapt ei god og spennande forteljing for ungdom. Gjennom eit poetisk språk skildrar han store mytologiar og små detaljar som til saman skaper eit levande og truverdig fantasiunivers. Ved å gå inn i tankane til hovudpersonane skaper forfattaren komplekse menneske som ikkje berre er gode eller vonde, men som strir med tru og tvil. Her er modige, unge menneske som klarer å ta store val trass i at dei både er usikre på seg sjølve og at verda omkring dei er vanskeleg å tolke.

– Det første eg gjorde etter å ha fått beskjed om at eg skulle få prisen, var å kikka på nettet etter kven som hadde fått han før. Då blei eg endå stoltare og gladare. Eg veldig er stolt over stå på den lista, sa Rydland.

Jon Fosse, Olav H. Hauge, Rune Belsvik, Ragnar Hovland og Maria Parr er mellom dei som har blitt æra med denne prisen.

– Umogleg utan nynorsken
Nynorsk litteraturpris blei delt ut til Marit Eikemo for boka Samtale ventar.

Prisen er på 30.000 kroner og det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som står bak prisen. Juryen synest Eikemo skriv morosamt, engasjerande og smart. I den tredje romanen sin skildrar ho med skarpsinn og varme og i eit lett og smidig språk ulike former for fellesskap og utanforskap og vilkår for å møte og leve med andre menneske.

– Eg veit ikkje kva eg skulle ha gjort utan nynorsk. Av openberre grunnar hadde eg ikkje kunna skriva denne boka utan nynorsken, sa Marit Eikemo.