Nordisk pris for barne- og ungdomslitteratur
Dei nordiske kulturministrane har tatt initiativ til ein ny, nordisk pris for barne- og ungdomslitteratur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Føreslår ny nordisk pris
Ministrane startar ein dialog med Nordisk råd om korleis prisen kan realiserast.
Kulturministrene frå dei fem nordiske landa vil styrkje samarbeidet om barne- og ungdomskulturen. Ministrane har gitt brei politisk støtte til å opprette ein heilt ny, nordisk pris for barne- og ungdomslitteratur.
– Vi har ein lang og flott tradisjon for barne- og ungdomslitteratur i Norden, og han held høgt nivå. Det er derfor svært positivt at dei nordiske kollegaene mine og eg no er blitt samde om å ta initiativ til å opprette ein nordisk pris for nettopp denne litteraturen, seier kulturminister Anniken Huitfeldt. (©NPK)