Heidrar Samfunnet i Bergen

Studentersamfunnet i Bergen er tildelt Christieprisen for å stimulere samfunns- og kulturdebatten.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er overraskande, inspirerande og utruleg gøy å få ein slik aksept, seier leiar Maria Dyrhol Sandvik. Ho seier at organisasjonen vil bruka prispengane på 250.000 kroner til å gjera Samfunnet endå meir synleg.

Juryen legg vekt på at Studentersamfunnet både formidlar forsking ut til samfunnet og samarbeider tett med media, nærings- og kulturlivet i Bergen. I vår arrangerer det 78 år gamle Studentersamfunnet over 50 debatt- og kulturmøte. Tema varierer frå barnelitteratur til kjønnsdebattar og utanrikspolitikk.

– Programmet blir berre større og meir imponerande for kvart år. Studentane er det viktigaste bindeleddet til samfunnet, og Studentersamfunnet er ein svært aktiv brubyggjar mellom universitetet og omverda. Det gjer dei til verdige vinnarar av Christieprisen, seier rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen til uib.no.