Kartlegginga frå Klif er gjort på bakgrunn av 90 kasserte personbilar produsert mellom 1987 og 2010. Den viser at kvar bil har opp til 3– 4 kilo med kretskort. Kretskort inneheld bly, andre tungmetall og bromerte flammehemmarar. I setetrekk og anna interiør fann Klif i 20– 30 prosent av bilane høge verdiar av bromerte flammehemmarar. Klif meiner det er fare for at fleire tonn av stoffet kan bli spreidd til luft og vatn kvart år.
– Det er i dag felles europeiske krav til handteringa av bilvrak. Vi ser no at det kan vere behov for å skjerpe dagens regulering for å hindre at farleg avfall blir spreidd, seier Klif-direktør Ellen Hambro til Dagsavisen.
Direktoratet vurderer no innskjerpingar.
Ei slik innskjerping betyr at Noreg kan få strengare krav enn det som er nedfelt i EU-direktivet om kasserte køyretøy.
Klif vil likevel hente inn meir kunnskap om kva som skjer med miljøgifter under opphogging av bilane, før direktoratet konkluderer.
– Etter at vi har fått meir kunnskap, vil vi gi Miljøverndepartementet vår endelege anbefaling, seier Hambro. (©NPK)
Les òg: – Må bli lønsamt å velje miljøvennleg