Ny nettstad med tilbakeblikk
På den nye nettstaden tilbakeblikk.no kan du sjå korleis landskapet i Noreg såg ut for 10 til 130 år sidan.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er Norsk institutt for Skog og landskap og Norsk Folkemuseum som står bak den nye nettstaden.
– Dei fleste bileta er frå jordbrukslandskap, men det er også bilete frå fjellet, kysten, tettstader og byar, seier fotograf og landskapsgeograf Oskar Puschmann ved Skog og Landskap. Han har i mange år reist rundt med kamera i Noreg og dokumentert korleis landskapet endrar seg.
Les òg: Sjå Bergen anno 1350!
På den nye nettstaden kan besøkjande samanlikna bileta hans med eldre bilete av landskapsfotografane Axel Lindahl og Anders Beer Wilse og sjå korleis landskapet i Noreg har endra seg gjennom tidene.
Fotodokumentasjonen til Oskar Puschmann har tidlegare resultert i ei vandreutstilling som framleis blir vist rundt om i landet. I sommar blir vandreutstillinga fornya. I tillegg planlegg han ei ny bok i samarbeid med Riksantikvaren. Boka skal etter planen koma ut neste år.
Les òg: Tvitrar frå invasjonen 1940