Syskenkjærleik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er månadens band

Nashville, Sweden

First Aid Kit er på mange måtar ei spesiell gruppe. Ikkje berre er dei to medlemmane sysken, dei er også påfallande unge til å ha halde på i fem år – og dei lagar amerikansk musikk sjølv om dei er vaksne opp i ein svensk forstad.

Johanna Söderberg er den eldste systera, fødd i 1990, medan Klara dukka opp i 1993. Saman voks dei opp i den vesle byen Enskede, rett utanfor Stockholm. Sjølv om Enskede er ein forstad dominert av hagar, hus og familiebilar, lyder musikken til First Aid Kit som skrøpelege hus spreidde utover den amerikanske audemarka; som skitne, havarerte ekteskap. Men sidan Söderberg-systrene er oppvaksne på 1990- og 2000-talet, er det i grunnen ikkje så merkeleg. Verda er blitt lita, og dei musikalske referansane til to tenåringar frå Sverige kan gjerne vere gamle amerikanske heltar som Emmylou Harris, Buffy Sainte-Marie og Johnny Cash.

Gamle unge
Bandet First Aid Kit oppstod i 2007, men systrene hadde spelt i lag i fleire år før dette. 2007 var derimot året då dei begynte å lage songar. Dei spelte inn sin første demo, Tangerine, og sende han til svenske radiostasjonar. Songen vart spelt på radio den sommaren, og i løpet av hausten hadde First Aid Kit skrive platekontrakt med Rabid Records (som er knytt til den svenske elektronika-duoen The Knife). Våren 2008 kom Drunken Trees – First Aid Kits første EP og offisielle utgjeving.

Systrene møtte mange heva augebryn, både i positiv og negativ meining. Nokre meinte at tekstene om slitne, middelaldrande amerikanarar verka tilgjorde, medan andre var meir opptekne av at ein 15-åring og ein 18-åring kunne lage så god musikk. Seinare same år følgde bandet opp med ein coverversjon av Fleet Foxes-songen «Tiger Mountain Peasant Song» på youtube. Denne vekte stor merksemd også utanfor svenske grenser, og vart teken med då EP-en fekk internasjonal distribusjon same haust, på London-selskapet Wichita Records.

Gjennombrotet
Då First Aid Kit albumdebuterte med The Big Black & The Blue to år seinare, var oppskrifta den same som på EP-en. Begge utgjevingane vart spelte inn på Johanna sitt soverom, med henne og Klara som einaste musikarar. Dei fekk hjelp utanifrå til miksing og produsering, men var elles sjølvhjelpte. Lydbildet ligg tett opptil amerikansk country, med dei mørke, harmoniserte systerstemmene i framgrunnen.

Albumet fekk også ei liknande mottaking som forgjengaren – og førte First Aid Kit ut på ein lengre turné i Nord-Amerika, Australia og Europa. I løpet av 2010 spelte dei over 100 konsertar! Eitt av høgdepunkta her må ha vore konserten i Nashville. Ikkje berre er byen verdas country-hovudstad; etter konserten vart duoen kontakta av Jack White frå The White Stripes. Han ville ha dei til å spele inn ein singel til ein singel-serie han laga.

Men om 2010 var eit godt år, skulle dei neste bli endå betre. I 2011 samarbeidde dei for første gong med det store idolet sitt, Bright Eyes – og i januar 2012 kom andrealbumet The Lion's Roar ut. Her er Bright Eyes med som musikar, og produsenten hans, Mike Mogis, har produsert plata. Kritikkane var strålande.

Stod først på trykk i Norsk Barneblad.

Faktaboks

 

Musikktips for april
• Anja Elena Viken – Klæssar deg ned
• Atlas Sound – Angel is broken
• Black Keys – Everlasting light
• Grimes – Oblivion
• Bedouin Soundclash feat. Cœur de pirate – Brutal Hearts