Venstre bykser fram på meiningsmåling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Venstre bykser fram

Partiet får no ein oppslutnad på 7,8 prosent på ei meiningsmåling utført av Respons Analyse for Aftenposten og Bergens Tidende. Om dette hadde vore eit stortingsval, ville partiet fått 14 stortingsrepresentantar mot to i dag.

Under landsmøtet vedtok partiet at det ikkje lenger vil sjå bort frå å samarbeide med Frp og at det ikkje vil ha endå ei Stoltenberg-regjering.

– Dette er veldig oppmuntrande, det handlar om at folk vil ha eit skikkeleg skifte, med betre miljøpolitikk og ein human asylpolitikk, seier partileiar Trine Skei Grande til Aftenposten.

Høgre større enn Ap
Tala for april viser at Høgre har større oppslutnad enn Arbeidarpartiet. Erna Solberg leier no eit parti med 32,9 prosent oppslutnad, ein framgang på marginale 0,4 prosentpoeng sidan mars, men likevel betre enn Ap som går tilbake med 0,5 prosentpoeng og hamnar på 31,6 prosent.

Frp går tilbake med 0,5 prosentpoeng til 11,5 prosent oppslutnad. Hadde det vore stortingsval i dag, ville dette betydd at Høgre kunne ha danna ei fleirtalsregjering med sentrumspartia utan å ta med Frp. Høgre ville fått 59 mandat, eitt meir enn Ap, medan Frp ville blitt nærmast halvert og mista 20 mandat og hamna på 21.

– Kan Høgre få fleirtal med dei tre sentrumspartia, slik denne målinga viser, kalkulerer eg med at Høgre vi velje sentrum framfor ei mindretalsregjering med Frp. Det blir mykje meir stabilt, seier valforskar Frank Aarebrot til Bergens Tidende. Han meiner Senterpartiet er truande til å byte side.

– Er det éin ting vi veit om Senterpartiet, så er det at partiet er uvanleg maktsøkjande, meiner han.

SV nærmast utradert
Meiningsmålinga viser at både KrF og SV framleis slit med ein tilbakegang på høvesvis 2,0 og 0,2 prosentpoeng. Dermed hamnar KrF akkurat på 4,0 prosent, medan SV hamnar på 3,7 prosent og kjem under sperregrensa.

SV ville dermed ha mista ti mandat og sete igjen med éin representant på Stortinget, medan KrF med dette som valresultat ville ha redda seg med sju utjamningsmandat, men likevel mista tre samanlikna med stortingsvalet i 2009.

Senterpartiet får 5,2 prosent, Dei Grøne 1,7, Raudt 1,3 og andre 0,3 prosent oppslutnad i målinga. (©NPK)