Den norske dialoghjelpa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dialog har vorte eit stort ord, eit særs stort ord. Om du til dømes skriv inn «Jonas Gahr Støre» og «dialog» i Google, kan du verta sitjande og lesa og lytta i dagevis. «Vi diplomatar er trena i dialog, mellom menneske og statar, (…) og kan eg fortelja dykk», seier Støre i føredrag på engelsk, «avtaleboka vår er full». Men kva med lommeboka? Er ho full?

Dag og Tid har freista å finna ut kor mykje pengar det vert nytta på dialog frå norsk offentleg hald, og kor mykje det vert løyvt i alt. Det siste har vi ikkje lukkast i, men eitt er det lett å slå fast: Har du ordet «dialog» med i ein søknad om offentlege løyving­ar, er du nær utteljing.

Den norske staten er rik, og difor er det ofte vanskeleg å forstå kor stor ei løyving er. Så lat oss bryta summane ned til individuell inntektsskatt. Har du ei gjennomsnittleg inntekt og ei full stilling, betaler du inn om lag 100.000 kroner i inntektsskatt i året. Det er pengar, det òg. 100.000 svarar til den samla løyvinga frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til «Dialogprosjekt i reindrifta» i regi av Sør-Trøndelag fylkeskommune. Kva dette prosjektet er, er noko uklårt, men eit kjapt googlesøk tyder på at det handlar om at hytteutbyggjarar og bønder i Sør-Trøndelag skal få ein betre dialog med reindriftssamane i området.

Reine pengar
Styreleiar for sameprosjektet har vore tidlegare KrF-minister Kåre Gjønnes. Han òg har lært seg at «dialog» er eit godt ord, og vert referert slik på heimesida til Fylkesmannen: «Styreleder Kåre Gjønnes påpeker at det er viktig å sette seg inn i og respektere andres tanker, levesett og kultur. ‘Slik kan vi bedre forstå deres synspunkter’, sier Gjønnes.» «Vi opplever at prosjektet gjennom flere dialogsamlinger har ført til en positiv utvikling av dialogen mellom partene, og det vil være en svært viktig oppgave å ta vare på og videreutvikle dette. Derfor handler også hovedkonklusjonene om å legge til rette for og utvikle den videre dialogen.»

Løyvinga til dialogprosjektet i reindrift i Sør-Trøndelag, 100.000 kroner, er det minste nivået på løyvingar vi har funne mellom 2009 og 2011. På det nivået ligg òg løyvinga til «Dialogprosjektet på tros- og livsynsområdet – B.A.R.N. Prosjektet barn maler for fred» frå Kulturdepartementet. «Tanken bak prosjektet var at barna skulle få uttrykke seg gjennom kunst, etter å ha fått inspirasjon fra gode historier med freds- og nestekjærlighetsbudskap, blant annet hentet fra boka Alkymisten av Paulo Coelho. Maleriene er utgangspunkt for samtaler om disse temaene. Prosjektet er livssynsnøytralt, og jenter og gutter fra ulike trossamfunn har møttes og malt 4–5 ganger i firetimers økter», står det å lesa på heimesida til regjeringa om ei utstilling hjå Forsvarsdepartemenetet.

Den største eksterne mottakaren ser ut til å vera Henry Dunant Centre for Humanitarian Dialogue (vi har berre søkt på løyving­ar med ordet dialog i tittelen; det kan vera at andre institusjonar har fått større løyvingar til dialog og som ikkje kjem opp under søk, red.merk.) Den løyvinga vert gjeven av UD/Utviklingsdepartementet, som har mest pengar å gje bort. Kvart år får dette senteret løyvingar på mellom 40 millionar og 51 millionar frå norsk UD.

500 nordmenn på fulltid
Om lag fem hundre nordmenn må arbeida fullt i eitt år for at Utanriksdepartmentet skal kunne løyva 51 millionar på basis av inntektsskatten. Henry Dunant Centre er ei uavhengig privatstifting som vart skipa i 1999 og får løyvingar frå tolv ulike land. Senteret arbeider med å hindra krig og å skapa fred.

Ein vanleg storleik på løy­ving­ar til dialog ser ut til å liggja mellom ein og to millionar. DEDI – The Danish-Egyptian Dialogue Institute –, til dømes, fekk i 2011 1,3 millionar frå UD. Instituttet held til i Kairo og vart skipa i 2004 som ein del av eit prosjekt som vart kalla «Danish-Arabic Partnership Program». I Danmark er dette senteret elles særs kontroversielt og vert hevda å vera apologetisk når det kjem til radikal islamisme. Leiaren, Jakob Erle, har fleire gonger hevda at Den muslimske brorskapen kan samanliknast med kristeleg­demokratiske parti i Europa.

«Hvis vi ser på, hvordan Det Muslimske Broderskab har håndteret situationen siden præsident Hosni Mubaraks fald, er der tale om en yderst moderat organisation», sa Erle til dømes i fjor haust. «Det er vigtigt at vide, at Det Muslimske Broderskab har modereret sig helt enormt», sa han mellom anna til avisa Kristeligt Dagblad, noko som skapte sterke reaksjonar frå mange hald. Elles må berre tretten nordmenn arbeida fulltid i eitt år for å skaffa pengar til å betre egyptisk-dansk dialog.

Dialog er på veg ned
Kvifor har vi fått denne satsinga på dialog? Hjelper det, og når vart ordet populært? Det vi alt kan slå fast, er at den norske regjeringa ser ut til å vera litt på etterskot. Google har ei søkjeteneste som heiter Ngram. Denne tenesta lèt deg søkja i eit enormt engelsk bokkorpus som går mellom år 1800 og år 2008. Det vi ser, er at ordet byrja å verta populært rett etter den andre verdskrigen, for så å taka av mellom 1960 og 2000. Men ved hundreårsskiftet, då vi i Noreg fekk Kjell Magne Bondevik og seinare Jonas Gahr Støre, to ivrige dialogistar, byrja den engelske bruken av ordet å gå dramatisk attende. Diverre finst ikkje den same tenesta på norsk. Men Noreg plar fylgja internasjonale trendar med ei viss forseinking.

Det som er verre å fastslå, er om dialog hjelper. For kva skal ein eigenleg finna ut? At samtalar av og til er bra og av og til ikkje? Men om ein operasjonaliserer og gjer det meir konkret, kan ein i det minste sjå nokre tendensar. Ein stad det har vore forska på om dialog hjelper, er ved borgarkrigar. Ein av dei som står bak denne forskinga, er Jack Snyder ved University of Columbia i New York. Han har sett på borgarkrigar frå 1948 til 2008 over heile verda. Snyder fann at risikoen for ny borgarkrig gjekk ned med 40 prosent om den eine parten fekk vinna samanlikna med om det vart gjennomført dialog som leidde til ein freds­avtale. Han fann vidare at om ein ventar med val i minst fem år etter at det vart fred, så gjekk risikoen for ny væpna konflikt ned med 30 prosent.

Norsk UD har i løyvingane sine til dialog i hovudsak gått inn i pågåande konfliktar, både i Guatemala, Palestina, Sudan og Sri Lanka. Den same politikken fører Henry Dunant-senteret i Sveits.

– «Dialog» har vorte eit honnørord
Noreg har hatt liten suksess med fredsmekling og dialog, seier Halvard Leira ved NUPI. Men vi har alltid pengar å dela ut.

Det er UD som løyver mest pengar til dialog. Halvard Leira har skrive UDs historie og er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).

– Dette med at folk skal møtast og tala saman, har lege der heilt sidan 1890-åra, så vidt eg kan sjå. Då tala ein om forbrødring mellom folk, som òg er synspunktet som ligg til grunn for Nobelprisen. Om folk berre kan få møta kvarandre, skal det nok gå bra, er tanken. Slik sett har dette med dialog alltid vore med som ein del av norsk utanrikspolitikk, men det har ikkje vore ein hovudkomponent. Etter mitt syn vert det fyrst verkeleg populært i byrjinga av 1990-åra, etter den tilsynelatande suksessen i fredsmeklinga mellom Israel og pale­stinarane. Då såg ein noko som kunne målast, nemleg freds­avtalen.

– Men er det litt gamal vin på nye flasker, dette? No kallar vi mekling «dialog», medan det i røynda er det same gamle som alltid?
– Høvet til å driva fredsmekling i norsk regi har vore dårlegare det siste tiåret. Det har vorte langt fleire i beitet, før var det mest berre Noreg. No er det ei rekkje statar og private aktørar som tilbyd det Noreg tilbaud tidleg i 1990-åra. Ein av føresetnadene for den norske politikken frå UDs side, var elles at vi ikkje var ein global aktør med interesser mange ulike stader. Men no har vi vore med i Afghanistan, Irak og Libya. Vi eig 1 prosent av aksjane i verda, og Statoil og Telenor er store aktørar i konfliktområde. Det er få stader vi kan gå inn og hevda at vi er nøytrale.

Noreg har pengar
Men etter innsatsen i 1990-åra og den tilsynelatande suksessen, etablerte UD ein permanent fred- og forsoningsseksjon, og noko må dei ha å halda på med, trur Leira. Då er dialog bra å ha å ty til.

– Modellen som Jan Egeland og andre stod for, er vorten institusjonalisert, og når det er vanskeleg å mekla, kan ein i det minste tilby dialogpengar. Når bruken av ordet dialog er på veg ned internasjonalt, har det heilt klårt samanheng med at USA etter at krigen mot terror tok til, har sagt nei til alle samtalar med såkalla terroristar. Då kan Noreg, som vil at alle skal snakka med kvarandre, gje peng­ar for å halda dei kanalane som er, opne.

– Når Henry Dunant-senteret som vart skipa i 1999, får opptil 50 millionar i året, så har det vel òg samanheng med at Noreg er eit rikt land og at UD/Bistandsdepartementet får stadig meir pengar som må nyttast på eit eller anna vis?
– Eg arbeider ikkje med utviklingspolitikk, men eg deler nok den intuisjonen. Gjeve at du har lagt utviklingsbudsjettet med eit mål om prosentdel av BNP, så stig det nær automatisk. Det er vanskeleg å dela ut mykje pengar, og ein må verkeleg leita for å finna stader å plassera dei. 50 millionar er mykje, svært mykje, det er to tredjedelar av budsjettet til NUPI, det. Men ja, dialog har vorte eit honnørord.

Les saka i Dag og Tid!