Vestlandet er eit førebilete for turiststrategien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vestlandet er eit førebilete

– Vi er godt på veg, men har framleis ein lang veg å gå, seier administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

Sist veke la handels- og næringsminister Trond Giske (Ap) fram reiselivsstrategien til regjeringa. Nøkkelordet er samarbeid, og statsråden vil satse på landsdelsselskap som skal koordinere satsinga og færre lokale destinasjonsselskap.

Ros til Fjord Norge
Vestlandet har sidan 1993 hatt eit slikt landsdelsselskap, Fjord Norge, og på reiselivskonferansen i Bergen denne veka fekk dei honnør av statssekretær Halvard Ingebrigtsen i Handels- og næringsdepartementet.

– Her på Vestlandet blir det jobba med grunntenkinga bak den nye nasjonale reiselivsstrategien. Koordineringa her i Fjord Norge er veldig bra. Vestlandet forstår verdien av fellestenkinga, sa Ingebrigtsen.

Regjeringa ønskjer seks ulike reiselivslandsdelar, Nord-Noreg, Sør-Noreg, Vest-Noreg, Midt-Noreg og Fjell-Noreg, som er fjella i triangelet Oppdal, Trysil og Setesdal. I kvar av desse landsdelane bør det berre vere fire til åtte destinasjonsselskap. I dag er det cirka 250 slike lokale selskap.

Les òg: Giske vil ha færre reiselivsaktørar

Fjord Norge omfattar dei fire vestlandsfylka, og ifølgje administrerande direktør Kristian Jørgensen er talet på destinasjonsselskap redusert etter opprettinga av selskapet.

– Vi har lagt ned og slått saman reiselivsråd og reiselivsselskap. No har vi, i forhold til storleiken, færrast destinasjonsselskap samanlikna med andre delar av landet, seier Jørgensen til Nynorsk pressekontor. Han meiner ein gjennom dette arbeidet har klart å byggje opp Fjord Norge til den sterkaste merkevara Noreg har i utlandet. Regionen hadde også størst auke i talet på internasjonale gjestedøgn i fjor.

Mykje å hente
Det er likevel mykje å hente på endå betre samarbeid. Under presentasjonen av reiselivssatsinga nemnde Giske byane Førde og Florø som døme på destinasjonar det kan vere vanskeleg å skilje. Jørgensen stadfestar at dei to stadene har kvart sitt destinasjonsselskap, og peikar på at det er i Sogn og Fjordane det no er mest å hente på organisere seg betre. Men også her er ting i ferd med å skje.

– Gjennom Fjord Norge har vi vist kva vi kan om vi vel å jobbe saman i staden for kvar for oss. Om ein opplever at ein lukkast ein gong, er det lettare å tru at ein få det til ein gong til, seier Jørgensen. Han peikar også på at mange av diskusjonane ein hadde ved opprettinga av Fjord Norge, ikkje finst lenger fordi ein har lukkast så godt.

Les òg: Vil rydda opp i reiselivet

Vestlandsånda
Regjeringa ønskjer no altså at dei andre turistlandsdelane skal lære av Vestlandet. Det ønskjer Jørgensen velkomen, han vil gjerne ha fleire gode og sterke samarbeidspartnarar. På spørsmål om kvifor ein har lukkast så godt med Fjord Norge, peikar han på haldninga til samarbeid.

– På Vestlandet har ein måtta samarbeide i mange hundre år. Vi ser det innan ulike næringar, oljeindustri, shipping, møbelindustri og fiskeri. Det ligg i ånda til vestlendingen å samarbeide, meiner Jørgensen. (©NPK)

Les òg: – Reiseliv løner seg ikkje