Alt klart for Telemarkskanalen minutt for minutt.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Forslaga har hagla inn for å finne oppfølgjaren til tv-suksessen frå i fjor, «Hurtigruten minutt for minutt». Valet fall på Telemarkskanalen.

– Det er ei reise i eit magisk landskap, frå fjord til fjell. Frå tronge passasjar, gjennom sluser og over opne innsjøar blir det ein variert tur med mykje historie i seg, seier programsjef i NRK Hordaland, Rune Møklebust.

Det er det same distriktskontoret som har laga alle av dei tidlegare minutt for minutt-turane, melder NRK.

Den direkteoverførte turen, som blir sett frå den 130 år gamle kanalbåten MC «Victoria», vil truleg finne stad 26. august. Vassvegen frå Skien til Dalen i Tokke kommune tar 10 timer og 20 minutt, og fører henne gjennom 18 sluser.

Telemarkskanalen, som stod ferdig i 1892, har ei lengd på 105 kilometer og ei total løftehøgd på 72 meter. Årleg er 80.000 menneske innom kanalanlegget. Likevel trur Møklebust turen er ukjent for mange.

– Telemark er samtidig eit Noreg i miniatyr. Dette blir godt sluse-tv. Det største sluseanlegget tar 45 minutt, seier han. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE