Barn vil ikkje hjelpa foreldre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det mest oppsiktsvekkjande når det gjeld familieverdiar er at mange danskar heilt fritek barna for plikter i forhold til foreldre, skriv avisa Kristeligt Dagblad.

Åtte av ti danskar meiner at vaksne barn har sitt eige liv og ikkje skal ofre sin eigen trivsel på grunn av foreldra. Samtidig meiner sju av ti at foreldre bør gjera alt dei kan for barna sine.

– Foreldre har valt å få barn, men barn har ikkje valt foreldra sine. Difor er det ei oppfatning om at barn har mindre ansvar, seier sosiolog Bella Marckmann. Ho har gjort analysen på vegner av den danske verdikommisjonen.

Barna ventar på si side at foreldra skal stilla opp for dei lenge etter at dei har blitt vaksne.

Forbrukarøkonom hos Nordea i Danmark, Ann Lehmann Erichsen, peikar på at mange eldre gjev barn og barnebarn skattefrie pengegåver. Ho synest det er dårleg nytt viss den yngre generasjonen meiner dei ikkje skuldar foreldra sine noko.

– Vi går ei framtid i møte med mange fleire eldre og færre yngre. Avgrensa ressursar betyr at vaksne barn i framtida vil bli nøydde til å ta vare på foreldre i langt større grad enn i dag, seier ho. (©NPK)