Håpar på premiedryss

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på Kreativfestivalen

 

Fredag vert den årlege Kreativfestivalen arrangert på Edda kino i Haugesund. Elevar frå medium og kommunikasjon ved fem vidaregåande skular frå Sunnhordland og Nord-Rogaland deltek.

Sender alle til Haugesund
Festivalen er ein konkurranse der elevar frå linja medium og kommunikasjon kan senda inn produkt dei har laga på fritida eller i samband med skulen. Det er valfritt å senda inn, men alle elevane vitjar likevel Haugesund på fredag for å sjå kven som stikk av med sigeren i dei fem kategoriane foto, tekst, lyd, film/animasjon, i tillegg til grafisk og web.

Kjekt å vinna
Frå Stord vidaregåande skule er det mange elevar som deltek, og fire av dei er Mats Mæland frå Bømlo, Alexander Hatlevik Båtsvik frå Stord, Katrine Skaten frå Tysnes og Charlotte Haugetun frå Kvinnherad.

Stord bidreg med produkt i alle kategoriar, og elevane gler seg til å reisa.

Medan Mats Mæland var der i fjor, er dette første året dei andre reiser, og dei er alle spente på korleis det kjem til bli.

– Det verkar veldig kjekt, og eg gler meg til å reisa, seier Charlotte Haugetun.

Ho har sendt inn ein plakat i kategorien grafisk, og eit portrettintervju i kategorien tekst, og er spent på korleis resultatet blir.

– Det hadde vore veldig kjekt å vinna, i tillegg til at det er kjekt å få vist fram det ein har laga, seier ho.

Sender inn tre produkt
– Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å senda inn noko, men eg tapar jo ingenting på det. Det vert nok kjekt, fortel Katrine Skaten frå Tysnes.

Ho har sendt inn ein plakat.

– Det var veldig kjekt i fjor, og to i klassen vann i kategoriane film og tekst, fortel Mats Mæland.

Han har sendt inn bidrag i ulike kategoriar. Kvar elev får berre senda inn tre produkt i kvar kategori.

Eit flott samarbeid
Dommarane er lærarar og profesjonelle henta inn frå mediebransjen i distriktet. Deltakarskulane i 2012 er Etne, Lundeneset, Stord, Vardafjell og Åkrehamn. Liv Nyborg er lærar ved Stord og skal vera med å vurdera i kategorien foto.

– Kreativfestivalen er ein kjempeflott festival som både elevane og lærarane får noko ut av. Elevane får møta elevar frå andre skular, i tillegg til at dei kan vinna mange flotte premiar. Me lærarar får møta andre lærarar, og kan utveksla tips og læra av kvarandre, seier ho.

Ho kan fortelja at dei har fått inn mange flotte produkt innan foto.

– Eg meiner at dette er eit flott samarbeid som me må utvikla vidare. Me er fem skular som ligg geografisk nært, men som sjeldan har noko med kvarandre å gjera, så dette set me pris på. Så er det ein flott måte for elevane å marknadsføra seg, seier Nyborg.

Fekk inspirasjon
Under festivalen får deltakarane sjå tre nominerte på kvart trinn i kvar kategori, i tillegg til nokre andre bidrag som har blitt sendt inn.

– Det kjekkaste er jo å sjå kva andre har gjort, så er det kjekt å få inspirasjon frå andre. I fjor vart eg veldig inspirert av ein film som vann. Den har faktisk blitt vist på fjernsyn òg, fortel Mats Mæland.