Færre invitasjonar frå Facebook

No blir det vanskelegare å halde seg oppdatert gjennom Facebook.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Færre invitasjonar

Det er ikkje lenger muleg å invitere alle medlemmar av ei Facebook-gruppe til arrangement. Studentersamfunnet i Bergens 1800 Facebook-medlemmar vil altså ikkje lenger motta vekentlege invitasjonar til møter og debattar.

– Dei som er interessert i møta våre må no i større grad oppsøkje informasjon sjølv, seier Daniel Nygård, debattleiar i Samfunnet.

– Bekymra for besøkstal
Samfunnet har hatt ein oppsving i besøkstal dette semesteret, og debattredaktøren trekkjer spesielt fram auka oppmøte på torsdagsdebattane. Han er likevel bekymra for at den nye Facebook-ordninga vil få konsekvensar for besøkstalet.

– Vi har ikkje merka den heilt store effekten enno, sidan vi berre har hatt eitt møte etter dei nye endringane. Men den debatten var noko dårlegare besøkt enn forventa, seier Nygård.

Han trur det vil ta noko tid før publikum venner seg til dei nye ordningane.

– Mer spam
Presseansvarleg i Aktive Studenters Forening (ASF), Alexander Karlstad, trur Facebook har gjort endringane fordi folk blir lei av å få så mange invitasjonar til ei rekkje arrangement.

– Sjølv om eg kan forstå kvifor dei har gjort desse endringane, skulle eg helst sett at det var som før. Facebook er ein veldig viktig promoteringskanal for oss, seier han.

Karlstad fortel at dei i framtida må nytte seg av fansida si på Facebook, som innebærer at innlegg kjem opp i nyhetsfeeden til dei som «likar» ASF.

– Eg trur framtiden vil by på meir spam, seier han.

LES SAKA I STUDVEST!