Får hjul å gå på

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Oslo er den byen i Noreg med flest bysyklar. 49 000 er registrerte brukarar i Oslo og kring ein million årlege utlån.

Clear Channel, som administrerer ordninga i Oslo, opplyser at dei no i 2012 skal utvide med 200 syklar.

Syklistenes Landsforening er nøgd med utviklinga.

– Dette syner at ordninga i Oslo er vellukka. Når syklane er mykje i bruk, så er det eit godt teikn, seier informasjonssjef Hulda Tronstad Nydal.

I tillegg til Oslo, er det Trondheim og Drammen som tilbyr bysyklar i Noreg gjennom Clear Channel.  Lillestrøm skal byrja no, i samarbeid med JCDecaux.  

Hotell og kommunar
– Førebels er det ikkje så mange norske byar som har bysyklar. Det kostar litt. Det bør vere eit proft system, seier Nydal.

Men ho understrekar at alle kommunar bør kunne tilby lånesyklar i ei eller anna form.

– Det bør vere mogleg å låne seg ein sykkel, enten om det er frå eit hotell eller ein kommune.

Ho viser til at i København låner hotella ut syklar til sine gjester.

– Jo fleire syklar som er tilgjengeleg, jo lettare er det for folk å sykle. Det har tilbodet i Oslo vist, seier Nydal.

LES OGSÅ: Sparar millionar på sykkelsatsing

Vil doble talet
Tal frå Reisevaneundersøkinga i 2009 syner at fire prosent av nordmenn sine reiser, vert tatt på sykkel. I Oslo ligg talet på fem prosent og litt over snittet. Bergen ligg lågast av storbyane, med ein sykkelandel på berre tre prosent.

Målet i Nasjonal Transportplan 2014-2023 er å doble talet på sykkelreiser. Det betyr at delen sykkelreisande må opp i mot tjue prosent i byane, ifølge avdelingsdirektør Jan Fredrik Lund i Vegdirektoratet. Les meir om måla i Nasjonal Transport.

Tal Syklistenes Landsforening har henta inn syner at London ligg svært godt an når det gjeld bysyklar. 146.000 teikna abonnement i fjor. Over to millionar har nytta seg av eit tilbod om å prøve syklane gratis.

I USA er fleire byar i gang med å lansere heilt nye sykkelordningar. Byar som allereie har hatt eit tilbod, utvidar.

I Rio de Janeiro er òg bysyklane i ferd med å verte populære. Der kallast dei BikeRio. Tidlegare var sykkelordninga berre langs strendene, men no dekkjer den meir av byen.

LES OGSÅ: Ta ut sykkelen, det er vår!

Flest i Kina
Byen Wuhan i Kina seiest å ha den uoffisielle rekorden når det gjeld talet på bysyklar. Her er det 70.000 bysyklar. På andreplass kjem byen Hangzhou med 60.000 syklar.