– Breivik på alle måtar det ein kan kalla ein fascist

Det lange innleiingsforedraget til Anders Behring Breivik i retten avslører han som heilstøypt fascist, meiner Terje Emberland, religionshistorikar og ekspert på høgreekstremisme.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Breivik på alle måtar ein fascist

– Omgrep som kulturkonservativ og andre har berre dekt over at Breivik ut frå alle vanlege definisjonar er ein fascist, og forklaringa hans i retten avsluttar den diskusjonen, seier Emberland til NTB.

– Han snakkar om eit reinsande blodbad, om ein ny orden, til og med om ein elite som skal gjennomføra denne. Han baserer no til og med hovuddelen av forsvaret sitt på retten sin til å verna det norske etniske urfolket, altså ein rasekategori som ligg til grunn for retten hans til å utføra desse terrorhandlingane.

Les òg: – Ikkje psykotisk

– Alle desse tinga viser at Breivik er det som vi på alle måtar kan kalla ein fascist. I forsvaret sitt verkar han mykje klarare som ein reinskoren fascist, seier Emberland.

Han har ikkje vesentlege innvendingar til at dommaren lèt Breivik nærmast pressa eller trua seg til å få lov til å lesa grunngjevinga si i 75 minutt i staden for dei avtalte 30.

– Eg synest dette er viktig, seier Emberland.

– Dette gjer eksaminasjonen av han etterpå enklare. Det er viktig at vi får bretta ut det bisarre røyndomsbiletet hans i si fulle breidd på hans eigne premissar. Då er det lettare å ta stilling til karakteren av dette. (©NPK)

Les òg: – Eg har fleire meiningar no enn før