Suksess i valdelege dataspel krev samarbeid og tålmod, hevdar svenske forskarar i ny rapport.

mm
Faktaboks

Ei pickup gruppe, eller PUG, er ei gruppe med tilfeldige spelarar som er gruppert saman via matchmaking-systemet, vanlegvis for å gjere ein instans eller oppdrag.

LES FAKTALUKK FAKTA

Mange ulike rapportar har synt at aggressive spel skaper aggresjon i spelarane lenge etter at dei er ferdige med å spele, men no har tre svenske forskarar kome til eit anna resultat.

Dei har laga ein rapport om aggressive nettspel gjennom å spele nettspelet Lord of the Rings Online, der spelarane må arbeide saman i små grupper med tilfeldig samansetjing, såkalla «PUG»s, for å lukkast, i hundrevis av timar, samt observere andre spelarar i dette.

Målet med undersøkinga `How gamers manage aggression`  var å finne ut kva spelarane faktisk lærer når dei speler spel.

Aggressivitet løner seg ikkje

«Det er klart at spelarane har utvikla ferdigheiter og kunnskap som skil dei kompetente frå dei inkompetente. Ved å undersøke nøye dyktig speling, har målet vore å gjere synleg den relevante kunnskapen som har vorte nytta og sett på som naudsynt for å  vellukka utføre dette arbeidet» står det i rapporten.

– Dei situasjonane spelarane går inn i når dei speler desse spela, krev samarbeid og koordination på eit veldig høgt nivå. Spelarar med et kjølig, strategisk og presist overblikk klarar seg best, medan emosjonelle og aggressive spelarar alltid tapar, fortel Jonas Ivarson, ein av dei tre ansvarlege for rapporten, til videnskap.dk.

Overdriving
Sjølv om det er klart at godt samarbeid har vore naudsynt for å kunne lukkast i store nettspel som dette, er det vanskeleg å seie om ein kan ta med seg slik. Forskarane kan ikkje seie om samarbeidet som er naudsynt i spelet kan overførast til andre samanhengar i  den verkelege verda for den enkelte spelar.

Dei meiner likevel at dette kan vere mogleg, og at bevisbyrda må liggje på dei som hevdar at å vere aktiv i spel fører til negativ eller positiv åtferdsendring.

Les òg: Spel kan kutte skulen med to år

Ikkje overraskande
– Dette resultatet er ikkje akkurat overraskande; den forskinga som har freista å konkludere med at spel med vald aukar aggesjon har hatt mange alvorlege veikskapar. Trass i mange års innsats for å finne ein stadfestande samanheng, har det ikkje vorte noko overtydande resultat, seier Espen Aarseth, professor i medie og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, til Framtida.

Han meiner det er klart at valdsspel ikkje er meir skadelege enn andre spel.

Aarseth har tidlegare sagt til forskning.no at det finst rapportar som syner at 11 prosent av spelarane av det største nettspelet, WoW, rapporterar om problem av ulik art. Om desse menneska ville hatt problem uansett – utan WoW – er et uavklart spørsmål.

Så langt er det nesten ikkje gjort forsking på dette.
 

Les òg: Knuser mytar om dataspeling

Nettspelet Lord of the Rings Online

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE