Miljøgifter kan påverke arvestoff i tre generasjonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endringane i arvestoffa kan føre til ulike sjukdommar som forstyrrar pubertet og infertilitet, ifølgje Forskning.no. Vanlegvis går slike endringar over på ein generasjon, men den nye forskinga viser at dei uheldige effektane av miljøgifter blir vidareført i fleire generasjonar.

Michael K. Skinner, professor i reproduksjon og miljøepigenetikk ved Washington State University, har leidd fleire studiar der rotter og mus vart utsett for vanlege kjemikaliar som plastmjuknarar, insektmiddel, soppdrepande middel og hydrokarbonar frå flymedisin.

Til saman utvikla 90 prosent av forsøksdyra ein av sjukdommane dei undersøkte. Det viste seg også at dei først vart sjuke når dei vart eldre. (©NPK)

Les òg: Havstraumar forgiftar kysten