Vil kjempa mot vaksentyranniet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er generelt opptatt av det meste. Politikk og musikk er eg veldig opptatt av, seier Nora Warholm Essahli. Til dagleg går ho på musikklinja på Heimdal videregående skole i Trondheim.

Ho er med i landsstyret til Raud Ungdom, styret i Palestinakomiteen i Trondheim, elevrådsstyret og i Kvinnefronten.

– Eg brenn veldig for feminisme, seier ho, før ho legg til:

– Eg er veldig mot vaksentyranniet. Det handlar noko av det verste. I mange tilfelle verkar det som om ungdom har reell påverknad – til dømes ved at ein er høyringsinstans. Men når det kjem til viktige ting, som til dømes kva kulturtilbod vi skal få, så har vi ingenting me skulle ha sagt, seier ho.

– Er det ei spesiell sak du tenkjer på då?

– I Trondheim, der eg bur og har vakse opp, har vi fleire konsertscenar og eit rikt kulturliv. Men problemet er at alt har alkoholservering, så vi slepp ikkje inn på noko som helst. Vi har eit kultursenter, som heiter ISAK. Der skjer det mykje spennande, men det stoppar der. Politikarane har for lengst lagt ned fritidsklubbane, det er svært få igjen. Det er opp til dei om dei vil la det leve eller ikkje, og for eksempel ISAK er trua av høgresida, som vil privatisere alt. Det er enkelt for politikarar å tvinge gjennom deira løysing, fordi vi ikkje har makt til å gjere noko med det.

Folk framfor profitt
– Du sa at du brenn veldig for feminisme. Er det nokre spesielle likestillingssaker du skulle ha gjort noko med?

– I Raud ungdom har vi en kampanje som handlar om å merke retusjert reklame av kroppar. Ei av tre jenter som ser reklame seier at dei får dårlegare sjølvtillit av det, og spiseforstyrring er den største psykiske lidinga blant jenter mellom 13 og 25 år i Noreg. Eg meiner dette har samanheng med korleis media framstiller kvinnekroppen, og at det er viktig å vise at reklame ikkje viser verkelegheita. Dette kan bety mykje for helsa og sjølvbilete til norske jenter – og gutar. Systemet tener pengar på å gje unge menneskjer dårleg sjølvbilete, slik at dei kjøper produkta deira. Eg meiner at folk er viktigare enn profitt.

Hersketeknikkar
I vinnarinnlegget ditt skriv du “Statsråden valde å ta med våre meiningar der ho allereie var einig, men med ein gong nokon av oss kom med noko som ikkje allereie var ein del av politikken hennar, så ville ho ikkje høyre meir.”
Kva var det du eller andre sa, som Kristin Halvorsen ikkje ville høyre på?

– Ironisk nok, så handla det om nynorsk. Klassekameraten min er for valfritt sidemål, og han prøvde å argumentere for saka. Uheldigvis sa han noko som ikkje kom helt heldig ut, og ho fekk latterkrampe, og alle andre flira med. Også i saka om politisk fråvær, som ho reduserte frå ti til fjorten dagar, teia ho ned. Ho, som kvinneleg SV-politikar, brukte kjipe hersketeknikkar som latterleggjering, og oversjåing mot oss når vi sa noko ho ikkje ville prate om, og det blei opplevd veldig dårleg.

– Kor gamal bør ein vera når ein skal få lov til å stemma?

– Eg har vore litt i tvil om kor eg står, men eg meiner ein bør få stemma som 16-åring. Om ein blir teken meir på alvor, og opplever seg sjølv som ein del av samfunnet, ønskjer ein å røyste, og det må starte tidlegare enn 18. Unge i Noreg er ikkje teken med i nokon avgjersler, og mange føler nok at politikk ikkje har noko med dei å gjera. Sjølv om mange unge ikkje stemmer, så trur eg løysinga er å setje ned røysterettsalderen, for det viser tillit og inkludering. Dei fleste som driv med politikk i ungdomsorganisasjonar startar når dei er rundt 16, når dei startar på vidaregåande skule. Kvifor skal ikkje dei få delta på lik linje med andre?

LES VINNARBIDRAGET HER!