Noreg stig framleis opp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spådomane for det framtidige havnivået har tidlegare vore pessimistiske. Professor Atle Nesje ved Bjerknessenteret sa i 2007 at ein i Oslo kunne vente 2,75 meter auka havnivå innan hundre år. No kjem Statens kartverk med heilt andre utrekningar, der havnivået ved Oslo og Trondheim til og med kan kome til å søkke, skriv Aftenposten.

Landmassane mange stader i Noreg stig med 2 til 5 millimeter i året, og denne landhevinga vil i stor grad kompensere for havnivåstiginga.

Les òg: Uroa for klimaendringane

Kartverket har slått saman alle kjende faktorar og laga eigne prognosar for norskekysten. Dei nye tala bygd på dei same klimamodellane som FNs klimapanel nyttar, men lokale variasjonar er lagt inn.

– Dei globale utrekningane er ikkje direkte overførbare til norske forhold. Her stig landet framleis jamt, seier senioringeniør Kristian Breili ved Statens kartverk.

Modellane som til no er bruka for å spå landhevinga, har hatt manglar, og dei nye utrekningane Statens kartverk legg fram no, er baserte på lange måleseriar, ifølgje Kartverket.

Jon Ove Hagen, professor i glasiologi ved Universitetet i Oslo, seier media har krisemaksimert.

– Media har overført tal frå globale rapportar til norske forhold. Det må bli feil, seier Hagen, som peikar på at Noreg er eit klimarobust land. (©NPK)

Les òg: Så mykje vil havet stiga

Sjå video frå forskning.no her: