Vil rydda opp i reiselivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det trengst ein kraftig reduksjon av talet på destinasjonsselskap i Noreg, meiner handels- og næringsminister Trond Giske, som onsdag la fram reiselivsstrategien til regjeringa.

I dag er det ifølgje statsråden ein stad mellom 200 og 300 slike selskap i Noreg.

– Viss vi tenkjer over det, har vi nordmenn sjølv kanskje litt vanskeleg for å skilja mellom Otta og Vinstra eller Florø og Førde. Då trur eg det er veldig krevjande for amerikanarar eller tyskarar og kinesarar. Vi er nøydd til å bruka desse midlane på ein heilt annan måte for å spissa og marknadsføra reiselivssatsinga vår, sa statsråden.

Han oppmoda reiselivsnæringa i Noreg om å sjå til andre land for korleis vi kan bruka ressursane betre.

– Det finst reiselivsselskap i Noreg der over 50 prosent av inntektene er bundne opp til faste utgifter. Då blir det lite att til marknadsføring, prosjektarbeid, nettverksarbeid og kvalitetsutvikling. Her er det difor ein stor jobb å gjera, sa Giske.

– Ikkje svekking av distrikta
Statsråden avviser at færre små reiselivsselskap vil føra til ei svekking av distrikta.

– Nei, eg tenkjer motsett. Viss vi greier å bruka pengane vi nyttar til å marknadsføra Noreg betre, kjem det fleire turistar og vi gjer arbeidsplassane meir lønsame.

Når vi til dømes marknadsfører Lofoten, marknadsfører vi heile området. Alle kommunane dreg nytte av det – og sannsynlegvis mykje meir nytte enn om kvar av kommunane skulle reisa ut i verda og profilera seg sjølv. Då blir det fleire turistar og fleire arbeidsplassar, seier Giske til Nynorsk pressekontor.

LES OGSÅ: Turistane likar spreidd busetjing

Under presentasjonen slo han fast at det er eit mål å få fleire heilårsarbeidsplassar og meir solide reiselivsbedrifter, spesielt i distrikta.

Treng lokalt samarbeid
Statsråden vil ikkje seia noko om kor mange destinasjonsselskap som bør bort.

– Vi har ikkje sett noko tal. NHO har foreslått ei halvering. Vi har ikkje teke stilling til det forslaget. Vi tenkjer at det er noko vi må diskutera lokalt. Dette er først og fremst kommunane sine pengar. Vi kan berre gje støtte. Difor er det kommunane som må finna ut kva som er formålstenleg, seier Giske.

Han seier at departementet ønskjer å få til eit godt samarbeid med KS, fylka og kommunar om korleis dette skal gjerast.

Regjeringa vil likevel leggja til rette for at ei slik opprydding skal løna seg.

– Vi vil oppretta ei eiga støtteordning for dei som slår seg saman og lagar meir slagkraftige einingar, seier Giske til Nynorsk pressekontor.

Denne støtteordninga skal vera på plass innan to år.

Får lokal støtte
Styreleiar Eigil Rian i Visit Sørlandet helsar omlegginga til regjeringa velkommen.

– Eg støttar statsråden 100 prosent. Med den lokale organiseringa ser vi kor utruleg mykje meir det går med til administrasjon. Midlane blir brukt mykje meir innover enn utover. Med ei samordning vil ein frigjera midlar som kan brukast til sal og marknadsføring.

Destinasjonar lokalt bør driva med produktutvikling og vertskap, medan sentrale einingar bør ta seg av marknadsføring i inn- og utland og leggja rammeverket for korleis dette skal gjennomførast, seier han til Nynorsk pressekontor.

Han meiner strategien til Giske betyr ei styrking av reiselivet lokalt.

– Vi er allereie i gang med dette på Sørlandet og har arbeidd mykje med korleis ein skal styrkja det lokale reiselivet. Det er viktig at reiselivet lokalt får driva med dei viktige tinga; utvikla produktet og ikkje minst ta imot gjestene når dei kjem.

– Men det blir færre selskap?

– Ja, det blir færre selskap, men det blir ikkje færre arbeidsplassar. Det er ikkje destinasjonsselskapa som skal skapa arbeidsplassar. Dei skal bidra til at reiselivsnæringa kjem opp. Det er der veksten skal koma, ikkje i administrasjon, seier Rian.

LES OGSÅ: – Må ha noko å fortelja frå fjordane

Samordning på alle nivå
Samarbeid og samordning er andre ord som går igjen i reiselivsstrategien til regjeringa. Giske peika på at reiselivsnæringa er sett saman av mange små aktørar, og at mange har etterlyst betre koordinering. Det tek regjeringa no konsekvensen av.

– Samarbeid går att i alle kapittel i reiselivsplanen, seier han. Han slår fast at både offentlege og private aktørar må samarbeida betre for å lykkast med reiselivspolitikken og produsera det turistane spør etter.

Nærings- og handelsdepartementet vil mellom anna etablera eit koordineringsforum på embetsmannsnivå slik at den politiske koordineringa blir styrkt og setja i gang eit eige forenklingsprosjekt for reiselivsnæringa.

Kultur og reiseliv
Den nye reiselivsplanen legg også opp til auka samarbeid mellom reiseliv og kultur.

– Vi må bruka natur- og kulturarven vår meir i reiselivssamanheng, seier Giske. I tillegg til dei mange spesielle naturperlene Noreg kan by på, meiner han at kulturlivet vårt har mykje som kan styrkja reiselivet.

LES OGSÅ: – Reiseliv lønar seg ikkje

– Det er ingen som reiser berre for å bu på eit hotell. Vi reiser for å oppleva noko; musikk, teater, festival eller tradisjonskultur. Difor trur eg at eit nærmare samarbeid mellom kulturlivet og reiselivssektoren kan bety mykje, seier han til Nynorsk pressekontor.

– Det kjem vi tilbake til i handlingsplanen for kultur og næring som vi er i ferd med å laga saman med Kulturdepartementet, seier Giske, som reknar med planen kjem ein gong seinare i år . (©NPK)

Kva meiner du er det viktigaste som må til for å styrkja reiselivsnæringa?