Utan mat og drikke…

Åse Bjorvatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av dei siste ti åra, har Sahel-regionen (landebeltet sør for Sahara) blitt ramma av tre tørker. Som om ikkje det var nok, har skadedyr øydelagt mykje av den allereie reduserte avlinga. I tillegg er området plaga av politisk uro. Resultatet er massive flyktningstraumar, arbeidsløyse, matmangel, fattigdom og skyhøge matvareprisar. Frå Senegal i vest til Eritrea i aust. Hungersnaud er ikkje til å unngå.

Ifølgje Verdas matprogram (WFP), er heile 15 millionar ramma av svoltkatastrofa. Det går hardast utover dei yngste. I laupet av dei neste månadane vil truleg 1 million barn døy på grunn av matmangelen. Som underernært er ein mykje meir utsett for og har dårlegare motstandskraft mot sjukdommar. Døyr ein ikkje av svolt, tar kanskje lungebetennelse knekken på ein. Dei heldige som overlever, er likevel skadde for livet. Bernt Gudmund Apeland, generalsekretær i UNICEF Norge, er urolig for Sahel-regionen si framtid. I eit intervju med Aftenposten.no (04.04.12), seier han:

– Om ein er alvorleg underernært over tid, vil ein bli varig svekka og skada, anten reint fysisk, men også mentalt. I verste fall døyr ein, og det er dei to siste framtidsbileta me er redde for: At me får ein generasjon barn som blir varig svekka eller døyr.

Heldigvis er ikkje alt håp ute. Det er framleis mulig å unngå svoltkatastrofe á la Afrikas horn i fjor. Likevel, då må omverda gripe inn, og det litt raskt. Og då spørs det vel kor mykje håp det eigentleg er for dei svoltne i Sahel. Allereie før jul slo hjelpeorganisasjonane alarm, men verdssamfunnet er nesten ikkje reagert. Ifølgje FN må 4 milliardar til for å unngå krisa, men berre 20 prosent er betalt inn. Til samanlikning brukar nordmenn svimlande 49,3 milliardar på gåveartiklar kvart einaste år. Det kjem fram i ei undersøking analysebyrået Synovate har gjort for bank- og forsikringsselskapet Nordea.

QUIZ: Kva veit du om Afrika?

Landa sør for Sahara er dobbelt uheldige. Ikkje berre er dei utsett for hungersnaud, men dei er og blant dei fattigaste landa i verda. Med andre ord er dei avhengige av økonomisk støtte utanfrå for å avverja krisa. Diverre er kanskje nettopp det noko av årsaken til at hjelpa lar vente på seg. Me rike og utvikla industriland tener i utgangspunktet ikkje på å hjelpe. For det første er me ikkje avhengige av handel med korkje Nigeria eller Burkina Faso for å få økonomien vår til å gå rundt. For det andre representerer landa heller ikkje nokon overhengande politisk trussel.

Sett på spissen – svoltkatastrofa vedkjem oss ikkje. Det er trist, sjølvsagt, at millionar i Sahel svelt. At polet held stengt påskeaftan, er derimot krise.

LES OGSÅ: Bistand bidreg til vekst

Regjeringa og Erik Solheim skal ha ros for dei 50 millionane dei gav til hjelpearbeidet i februar. Pengane skulle berre kome før. Me må bli flinkare til å støtte førebyggjande arbeid. Kva hjelper det vel om me reddar eit menneskeliv i år, om han eller ho likevel døyr av svolt neste år? Ved å bygge brønnar, vaksinere, sørgje for gratis tilgang på helsetenester, utdanne, bygge kornmagasiner osb. kan kriser unngåast og enda fleire liv reddast. Og her kjem det politiske (og ein av grunnane til at eg melde meg inn i KrFU): me må gje meir bistand. Faktisk bør med bruke 3 % av BNI til å hjelpe menneske i andre deler av verda ut av fattigdom og naud. For nestekjærleik kjenner ingen landegrenser. Og fokuset må vere på å hjelpe folk til sjølvstende, å greie seg sjølve, og ikkje gjere dei avhengige av økonomisk støtte. Sist, men ikkje minst, er det naudsynt at me stadig evaluerer resultata nøye. Slik kan me sikre at bistanden me gjev går der den skal og er til faktisk nytte.