Tvitrar frå invasjonen 1940

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tvitrar frå invasjonen

9. april 1940: "Det tyske flagget er heist på Bergenhus festning. Landgangsstyrken er på 1900 mann."

Meldinga er henta frå @WW2Voss1940 som tvitrar om invasjonen i Noreg for 72 år sidan.

Bak krigsmeldingene på mikrobloggsamfunnet Twitter står Øystein Hellesøe Brekke (34) frå Voss. I eit intervju med bt.no seier han at målet hans er å dekkje andre verdenskrig på Voss og i Hordaland, heilt frå før invasjonen og fram til kampane flyttar seg vidare.

Hellesøe Brekke fortel at han er inspirert av ein engelsk twitter-straum som tvitrar "live" frå 2. verdskrigen. Akkurat no er det den norske invasjonen det handlar om der òg.

Nesten samstundes som han oppdaga denne twitter-straumen, arva han ei rekkje bilete frå krigstida på Vestlandet. Nokre av dei kan du sjå her!

LES OGSÅ: Då Rogaland vart "Judenrein"

Følg twitter-straumen til @WW2Voss1940 under: