No er òg millionærane mot EU

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Millionærar mot EU

74,7 prosent av norske veljarar seier nei til norsk medlemskap i EU. Berre 15,2 prosent vil at Noreg skal bli medlem i EU.

Neisida beheld dermed det rekordsterke fleirtalet i befolkninga dei har hatt sida årsskiftet, viser aprilmålinga frå Sentio, utført for Klassekampen og Nationen.

Ein ny trend er at EU-motstanden no og famnar svært breitt. EU-motstanden har tradisjonelt vore sterkast i låginntektsgrupper, i distrikta og blant kvinner. Men no er 71 prosent av dei som tener over ein million i året, motstandarar av norsk EU-medlemskap.

Nei-vinden bles også sterkt i Frp. I januar sa 79 prosent av Frp-veljarane nei til EU. No seier heile 90 prosent nei. Det gjer at Frp er blant dei sterkaste nei-partia, på linje med Kristeleg Folkeparti, der 91 prosent seier nei, og Raudt, der 89 prosent seier nei. I Senterpartiet seier alle dei spurte nei til EU.

LES OGSÅ: Europeisk Ungdom: – Ingen grunn til å gje opp

EU er mest populært hos veljarane til Venstre, der 34 prosent seier ja, følgt av Høgre med 26 prosent og Sosialistisk Venstreparti med 22 prosent ja.

Geografisk er Oslo minst EU-kritisk, med 24 prosent ja og 67 prosent nei. (©NPK)

LES OGSÅ: Nei til EU krev alternativ til EØS