Gulrøter får fleire uføre i arbeid

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire uføretrygda er villige til å jobba meir når dei får sitja igjen med ein større del av inntekta. Det viser ein ny forskingsrapport frå Statistisk sentralbyrå som blei lagt fram i dag, tysdag.

I 2005 var delen uføretrygda under 50 år med arbeidsinntekt over grunnbeløpet under 2 prosent. Denne delen auka med 8 prosentpoeng i 2007 i samband med ei prøveordning som fjerna den kraftige avkortninga av uførepensjon.

Rapporten viser også at:

• Arbeidsinntekta blei i snitt dobla
• Fleire unge og folk med høg utdanning kom seg i arbeid
• Effekten for kvinner var mindre enn for menn
• Fleire kom seg i arbeid i kommunar med låg arbeidsløyse
• Mellom dei som fekk avslag på uførepensjon i same periode, var arbeidsdeltakinga på 30 prosent

Gulrøter eller pisk?
Den nye studien til SSB-forskarane Andreas Ravndal Kostøl og Magne Mogstad kjem rett ettar at Erna Solberg i påsken fekk stor merksemd etter eit intervju med Bergens Tidende der ho tok til orde for å krevja meir frå trygda.

– Me vil innføre arbeidsplikt. Det betyr at det ikkje er akseptabelt å si nei til jobbar fordi dei meiner jobben ikkje passar dei. Me meiner også at kravet om å flytte der jobben er må praktiserast strengare, sa ho i intervjuet. Dei som nektar å jobba skal ikkje få meir enn 70 kroner dagen, sa ho til avisa.

LES OGSÅ: Nordmenn er mest trygda i verda

SSB-analysen viser at betre tilretteleggjing av kombinasjon av arbeid og trygd kan auka deltakinga i arbeidsmarknaden blant uføre.

Anders Ravndal Kostøl noterer seg koplinga mellom analysen deira og utspelet til Erna Solberg, men understrekar at det er stor forskjell på uføretrygd og sosialhjelp på 70 kroner dagen. Han vil difor ikkje seia noko om strengare reglar kan føra til meir deltaking i arbeidsmarknaden for uføre.

Vinn-vinn-situasjon
– Det me har sett på er ein vinn-vinn-situasjon der ingen taper. Dei som klarar å jobba sparar Folketrygda for kostnader, aukar skatteinntektene i tillegg til at det aukar den disponible inntekta til den enkelte, sier Kostøl.

– Har de sett på andre faktorar som kan få fleire i arbeid?

– Me har berre sett på dei finansielle insentiva. Det kan jo tenkjast at det er andre tiltak som er vel så viktige. Til dømes kor mange arbeidsgjevarar som er villige til å setja folk som er uføre. Men dette har me ikkje sett på.  

LES OGSÅ: Fangar opp ungdommane

Dobla inntekta
Studien tek utgangspunkt i ei prøveordning der personar med restarbeidsevne skulle sleppa den kraftige avkortinga av pensjon når arbeidsinntekta oversteig grunnbeløpet. I 2005 ble det bestemt at ordninga berre omfatta uføre som hadde fått innvilga uførepensjon før 1. januar 2004.

Resultata kan tyde på at det ikkje lenger er et skarpt skilje mellom dei som er heilt uføre og dei som er delvis uføre. Kvifor skiljet har blitt mindre tydeleg kan ikkje forskarane svare på. Studien seier heller ikkje noko om fleire vil søkja seg inn til uførepensjonsordninga som følgje av betra økonomiske vilkår som ufør.  

Ved utgangen av desember 2011 var det 306.700 personar som mottok uførepensjon i Noreg. Det er 5000 fleire enn året før, og utgjer 9,5 prosent av heile den vaksne befolkninga. Berre 55.074 av desse hadde ein uføregrad på under 100 prosent.

Når den nye uførereforma byrjar å gjelda, så legg regjeringa opp til at det alltid skal løna seg å jobba.

LES OGSÅ: – Barnehagen kan avsløra komande NAV-klientar